Kritisk mangel på helsepersonell: Her er ordføraren og varaen på vakt som helsearbeidarar

Ordføraren startar med opplæring i dag, medan varaordføraren allereie er i gong. Saman håper dei å inspirere pensjonerte helsefagarbeidarar til å melde seg til teneste.

Ordfører orid Jagtøyen, og varaordfører Stine Estenstad i Melhus kommune.

TRÅR TIL: Varaordførar Stine Estenstad (H) og ordførar Jorid Jagtøyen (Sp) og v vikarierer i den kommunale helsetenesta i Melhus.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Høgt sjukefråvær på grunn av covid-19, forkjøling, RS-virus, omgangssjuke og influensa har skapa bemanningskrise i omsorgssektoren i kommunar over heile landet.

Mange kommunar snur no alle steinar for å finne helsepersonell som kan halde hjula i gang.

Varaordføraren og ordføraren i Melhus har sjukepleiarutdanning, og såg derfor sitt snitt til å stå fram som gode eksempel.

Trønderbladet omtalte saka først.

Følgjer si eiga oppfordring

Ordførar Jorid Jagtøyen (Sp) er tre timar inn i si første opplæringsvakt når NRK møter ho. Då har ho allereie vore på morgonmøte, bidratt med stell av pasientar og servert frukost.

– Vi har oppfordra folk med helsefagleg bakgrunn til å melde seg som frivillige, og følgjer opp vårt eige råd, seier Jagtøyen.

Ho hadde si siste vakt som sjukepleiar på regionsjukehuset i Trondheim på ortopedisk avdeling i 2003 eller 2004.

– Korleis har dagen vore?

– Eg har vore litt spent sidan det er lenge sidan eg har jobba som sjukepleiar, men det har gått veldig bra. Pasientar og tilsette har tatt meg godt i mot, svarar ordføraren før ho flyg vidare for å hjelpe til med rehabiliterande trening av pasientar.

Varaordførar Stine Estenstad (H) har allereie gått fleire vakter i heimesjukepleia når NRK møter ho og ordføraren iført visir og munnbind på «Buen».

Før det hadde Estenstad ikkje jobba som sjukepleiar på seks år.

– For ein rusten sjukepleiar så synest eg det går overraskande bra, seier ho.

– Kvifor gjer du dette?

– Når vi no ber andre tilsette i kommunen om å trå til, så er det riktig at vi og gjer det, seier varaordføraren i Melhus til NRK.

Desperat kamp om vikarar

I starten av november hadde Melhus kommune følgje VG betalt 4,3 millionar kroner i bøter fordi dei ikkje hadde kapasitet til å ta imot utskrivingsklare pasientar frå St. Olavs hospital. Trondheim kommune har hatt liknande utfordringar.

Over heile regionen slit ein no med høgt sjukefråvær blant helsefagarbeidarar.

– Det er vanlegvis krevjande med rekruttering av sjukepleiarar. No merkar vi rekruttering av hjelpepleiarar og andre helsefagarbeidarar også byrjar å bli krevjande, seier varaordførar i Melhus, Stine Estenstad.

Anna Hepsø på vakt

SMITTEVERN: Anna Hepsø (17) i praksis på vakt i heimesjukepleia.

Foto: Privat

Får hjelp av VGS-elevar

Melhus kommune har også bede elevar ved Helse- og oppvekstfag om hjelp med å handtere den krevjande situasjonen.

Mia Horg og Anna Hepsø er to av dei 20 elevane som har meldt til teneste. 17-åringane var nettopp ferdig med fem veker i praksis då kommunen ringde.

– Det er ein moglegheit til meir jobberfaring. Eg tenkjer det er ei sjølvfølgje at vi bidrar når det trengst sidan vi også lærer av det. Det er jo dette vi skal jobbe med i framtida, seier Horg som skal jobbe to dagar denne veka.

Horg utdannar seg til barne- og ungdomsarbeidar. Hepsø utdannar seg til helsefagarbeidar ved Helse- og oppvekstfag på Melhus vidaregåande skule.

No har dei takka ja til å stille opp ved behov om barnehagen eller heimesjukepleia i kommunen treng dei framover.

– Det er koseleg å høyre at kommunen stoler på oss. Vi må vere veldig nøye så vi ikkje smittar folk og skal derfor teste oss for covid-19 før vi skal ut att i heimesjukepleia, seier Hepsø som skal ta tre vakter der denne veka.

Mia Horg og Anna Hepsø.

HJELPER: Mia Horg og Anna Hepsø (til h.) har fått utvida praksis frå skulen sin for å hjelpe kommunen gjennom den krevjande bemanningssituasjonen.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Må kanskje utsette allereie utsett ferie

Bemanningssituasjonen i Melhus er no så krevjande at helsefagarbeidarar kanskje må utsette den planlagde ferien sin for andre gong på to år.

– Det er klart at det er krevjande for dei å få beskjed om at du kanskje heller ikkje får tatt ut den ferien du skulle ha i fjor i år heller, seier Estenstad.

I solidaritet med helsefagarbeidarane har ordføraren og ho derfor delt det politiske arbeidet mellom seg og utsett fleire møter til nyåret slik at dei kan ta 15 vakter kvar helsetenesta i kommunen fram til jul.

– De er kanskje den einaste kommunen i Noreg der både ordførar og varaordførar sjølv trår til i helsevesenet?

– Ja vi har i alle fall relevant utdanning som kan bli brukt i situasjonen vi er i no, svarar Estenstad før ho skiftar fokus over på sine nye kollegaer.

Eg trur det er viktig for dei som er faste tilsette i helsevesenet, som no står i ein krevjande situasjon, at dei føler at vi ser dei.

Hallais!

Takk for at du leste heile saka! Send meg gjerne tips på e-post om andre ting eg kan skrive om. 

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 25.01.2022
106 569
Smittede siste 7 dager
253
Innlagte
1 416
Døde
4 308 405
Vaksinerte