Hopp til innhold

Ny grasbrann på Inderøy

Naudetatane er på veg til nok ein grasbrann på Inderøy.

Om lag 100 kvadratmeter gras sto i brann. Dei som ringte inn fekk sløkt det meste av brannen før brannvesenet kom fram.

– Det er svært tørt i naturen rundt om i Trøndelag, så man må vere svært forsiktig med eld, seier operasjonsleiar Svein Erik Wagnild til NRK.

Fredag førre veke brann det tre forskjellige stader på ein og ein halv time.