Det er i følgje reinhaldsarbeidar og talskvinne Siv Engan komme munnlege løfte frå leiinga i NSB.
Leiinga lovar eit møte med reinhaldsarbeidarane på onsdag.
Sovevognene har vore tatt ut av drift etter at streiken begynte, dei vil truleg vere klare for trafikk mandag kveld.
- Vi blir sitjande i møte utover ettermiddagen, men reknar med å vere tilbake i jobb slik at sovevognene og nattoga blir vaska, seier Engan.
Reinhaldarane la ned arbeidet i protest mot at NSB sitt eige selskap, Trafikkservice AS, ikkje lenger skal ha ansvaret for reinhaldet på passasjertoga. NSB vil nemleg konkurransutsetje selskapet.
- Viss vi ikkje får gjennom at denne anbodsprosessen blir stoppa, kan det bli snakk om nye aksjonar, seier Engan.