Hopp til innhold

Mali (10) og pappa Jon Anders måtte demontere omnen på stova for å redde ei kaie

No på våren er det fleire som opplever at fuglar hamnar i pipa. Heime hos familien Hembre på Hegra i Trøndelag måtte delar av omnen på stova demonterast for å redde ein fugl.

Sjå korleis det gjekk då Mali og pappa prøvde å redde ei kråke som sat fast i omnen deira.

10 år gamle Mali Adele vaknar, og går for å opne døra til kattane. Ho skal gjere seg klar til skulen no. Då kattane kjem inn går dei rett bort til omnen, og Mali skjønar fort at det er noko inni. Ho høyrer nemleg skraping og kloring, og spring for å hente pappa.

– Først trudde eg at ein av kattane hadde jaga ei mus ned i pipa, seier pappa Jon Anders Hembre.

Mali Adele Hembre og Jon Anders Hembre fekk ei kråke ned i pipa si.

Mali Adele og Jon Anders Hembre høyrde lydar frå omnen.

Foto: Privat

Han spør dottera om dei skal prøve å fyre i omnen, men det forslaget var ho ikkje nøgd med.

– Så opna vi opp døra, og då såg vi eit svart nebb inne i røyret, fortel Mali.

Då skjønar dei at ein kråkefugl har klart å ramle ned i pipa, og heilt inn i omnen på stova deira. Dei bestemmer seg for å prøve å skru omnen frå kvarandre for å redde fuglen.

Flaug ut vindauget

Medan pappa byrjar å demontere bestemmer Mali seg for å hente fram litt mat for å sjå om fuglen vil ha. Det er jo synd på kaia:

– Det var ganske trist at han ikkje kom seg ut, så eg henta brød og vatn. Då stakk fuglen nebbet litt lenger sånn at han fekk tak i det, seier Mali.

Pappa jobbar med omnen, og lurer frykteleg på korleis dei skal klare å få fuglen ut. Han lurer også på korleis ein så stor fugl har komme seg ned i pipa.

– Eg byrja å skru laus røyret som går mellom omnen og pipa.

Samstundes opnar Mali vindauget slik at kaia kan få fly ut, også finn ho fram telefonen for å filme. Ho passar på pappa, og seier at han må vere forsiktig så han ikkje skadar fuglen.

– Også løfta pappa av lokket, og kråka flaug rett ut vindauget! Det var ganske kult.

Vanlegast no på våren

– Det her skjer som regel no på våren. Fuglane bygger rede i hekkesesongen, og fleire opplev at fuglar dett ned i pipa deira.

Tom Erik Galambos i Feiermesternes Landsforening

Tom Erik Galambos i Feiermesternes Landsforening seier fleire fuglar ramla ned i piper no på våren, fordi dei bygger reir på taket.

Foto: Feiermesternes Landsforening

Tom Erik Galambos er leiar i Feiermesternes Landsforening. Han seier at dersom fuglen ikkje skadar seg og døyr, må folk prøve å hjelpe den ut.

– Dersom det er ein liten fugl kan ein berre opne feieluka i botnen av pipa. Det er ikkje farleg, men ein må prøve å vere forsiktig med fuglen. Viss det er ein stor fugl kan ein for eksempel ringe etter brannvesen, feiar, eller eit skadedyrfirma, seier Galambos.