Hopp til innhold

Joe Hills oske vart spreidd i heimlandet

Ein liten del av oska etter den legendariske svenske utvandra arbeidarleiaren og songaren Joe Hill vart spreidd i dei svensk-norske grensetraktane ved Røros på 1950-talet. Den oppsiktsvekkande historia vart kjent denne veka, på 100-årsdagen for avrettinga av Joe Hill.

Joe Hills begravelse

Både Joe Hills liv og død vart lagt merke til.

Foto: Nea Radio

Lokalradioen Nea Radio i Sør-Trøndelag har avdekt den eineståande historia om da oska etter Joe Hill vart spreidd i Högvålen i Härjedalen, 40 år etter at han ble avretta, truleg på falsk grunnlag, for eit mord han visstnok ikkje var skuldig i å ha utført.

Denne veka var det 100 år sidan Joe Hill vart avretta, om morgonen den 19. november 1915.

Omskrive i songar og forteljingar verda over

Den heilt spesielle svenske Joel Emanuel Hägglund, seinare Joe Hill, var fødd i Gävle i 1879, og utvandra i 1902 til Amerika. Der fekk han ein heilt unik status som agitator og arbeiderleiar, og var kjent over heile Amerika. Han organiserte arbeidarane dit han kom og stod fram som ei levande legende alt mens han levde.

Heimanfrå hadde han lært seg å spele banjo, gitar, og munnspel, og til og med piano, og til musikk som han framførte, skreiv han tekstar om livet for den fattige og undertrykte.

Han har inspirert artistar som Pete Seeger, John Lennon, Bob Dylan og Bruce Springsteen.

Åsta Hjelm, Högvålen i Härjedalen

Åsta Hjelm såg si tante Ester spreie oska etter legenda Joe Hill i Härjedalen i Midt-Sverige.

Foto: Marit Manfredsdotter / Nea radio

Joe Hill opererte mest i California og i grensetraktene mot Mexico. Han fekk oppleve jordskjelvet i California i 1906, og politisk ønskte han også eit jordskjelv, for å få slutt på undertrykkinga av arbeidarane.

Han var leiar i syndikalistrørsla, som ønskte eit reint arbeidarstyrt samfunn.

Krangla om kjærast, vart tiltala for rovmord

I 1914 da han hadde rukke å bli sers berømt, vart 35 år gamle Joe Hill plutseleg tiltala for eit mord i Salt Lake City, dit han da hadde komme. Like før hadde han krangla med ein ven, ein annan svenske, om ein kjærast; ho hadde blitt glad i han, og sagt farvel til den andre, og det kom det til ein krangel som endte med at Joe Hill vart skoten i armen.

Denne skotskaden gjorde at Joe Hill vart drege inn i drapssaka mot ein kjøpmann i byen, og tiltala for drapet på han.

Joe Hill hadde nemleg ikkje gått til politiet med skotskaden, etter det private sjalusidramaet. Først mange år seinare kom det ut, da kvinna, Hilda Erickson, fortalde den.

Joe Hill vart dømt til døden, men mange ønskte han benåda.

I radikale krinsar over mest heile verda, vart det bede for han, og til og med den amerikanske presidenten, bad retten i Utah om å omstøyte avgjerda om å henrette svenske-amerikanaren Hill som så mange såg opp til.

Labor Leader-Execution Anniversary

Joe Hill vart arrestert 14. januar 1914 og sat fengsla halvanna år. Biletet er frå Salt Lake City police department sitt arkiv.

Foto: Jeremy Harmon / Ap

– Ikkje kast bort tida på å sørgje

Men til inga nytte var bønene. Like før avrettinga skreiv Hill telegram til leiaren for syndikalistrørsla i Amerika:

"Eg døyr som ein ekte arbeidaropprørar. Ikkje kast tida bort på å sørgje. Organiser!"

At Joe Hill var poet er det ingen tvil om. Det siste han skreiv var dette:

My will is easy to decide
For there is nothing to divide.
My kind don't need to fuss and moan...
"Moss does not cling to rolling stone".

My body? Ah, if I would choose,
I would to ashes it reduce,
And let the merry breezes blow
my dust to where some flowers grow.

Perhaps some fading flower then
would come to life and bloom again.
This is my last and final will.
Good luck to all of you,
Joe Hill

Mange meinte Hill vart uskyldig dømt. Verksemda hans leia til streikar og urolegheiter mellom arbeidarane, ofte blei dei inspirerte gjennom songane han framførte. Slik fekk han også mange fiendar.

I ein biografi av William M. Adler om Joe Hill, kalla "The man who never died", omtala i vekeavisa Dag og Tid i samband med 100-årsminnet, blir det hevda at det var ein norsk-amerikanar opphavleg frå Troms som skulle ha stått for mordet på kjøpmannen i Salt Lake City. Han og Joe Hill likna på kvarandre. Magnus Olson var ein kriminell. I ein artikkel i avisa Saturday Evening Post i 1950 fortalde han om sitt lange liv under overskrifta "I was the King of the Thieves."

Oska etter den henretta Hill blei fordelt i små posar og send til syndikalistrørsla sine kontor i Amerika, Europa, Asia, New Zealand og Afrika.

1. mai 1916 vart den spreidd for vinden – over heile verda.

Ein grå konvolutt gjekk til søstrene i Sverige

Joe Hills søstre

Dei to unge jentene er Joe Hills søstre, Judit og Ester. Begge flytta frå Gävle til Högvålen i Härjedalen og levde der.

Foto: Marit Manfredsdotter / Nea Radio

Ein liten grå konvolutt vart send familien, Joe Hills fem søstrer i Sverige, men den vart gjømt, uvisst kor og av kvar årsak, og ikkje opna og spreidd, før på 1950-tallet av den eine av søstrene, Ester, da busett langt inne i Härjedalen inn mot norskegrensa.

Berre åtte mil frå grensa budde ho, Ester, i Högvålen i Härjedalen. Niesa hennar, Åsta Hjelm i Högvålen, no 84 år, fortel den merkelege historia.

For ein dag såg ho tante Ester sitte uvanleg stille attmed kjøkenbordet med den spesielle posen, og så fekk ho høyre kva det var i den.

– Hon var så alvarleg, hon sat med det der paketet og posen, og då berettade hon at det var askan etter Joel.

Og så gjekk Ester ut og spreidde Joe Hills oske på ein haug der det ifølgje Åsta framleis kvar sommar veks blå forglemmeiei.

Gammalvalen i Högvålen

Her på Gammalvalen i Högvålen i Härjedalen, åtte mil fra norskegrensa vart litt av oska etter Joe Hill spreidd av ei søster ein gong på 1950-talet.

Foto: Marit Manfredsdotter / Nea Radio

Ester snakka aldri så mykje om Joe, fortel niesa. At han hadde blitt avretta for mord, var nok med på det. Det var ikkje så enkelt i ei lita grend i Sverige å vere stolt over ein bror som hadde døydd på den måten.

Men tanta hadde tatt vare på postkort dei hadde fått, der det stod "til mine systrar i det høga kalda nord". Det var langt frå California til Härjedalen.

Stolt over minnet

I dag er Åsta stolt over Joe:

– Han var i godthetens tjänst, om jag skal säja det så, seier Åsta, som såg oska etter Joe Hill bli spreidd på gammalvallen i Högvålen, av søster Ester:

– Då gjekk hon ensam, så var det, när hon spredde askan, fortel Åsta til lokalradioen Nea Radio sin svenske reporter Marit Manfredsdotter.

Haugen der søster Ester gjekk rundt og tømte ut oska etter sin berømte bror Joe Hill, er i dag ikkje markert på nokon måte.

Du kan høyre radioreportasjen frå Nea Radio, sendt i NRK Trøndelag på 100-årsdagen for avrettinga av Joe Hill.

Høyr radioreportasjen via denne linken.