Hopp til innhold

Flykta til Trondheim for tjue år sidan: Kravd utlevert til Serbia for ukjent fengselsdom

Mannen kom som flyktning til Trondheim for tjue år sidan. No vil Serbia ha han utlevert slik at han kan sone fire års fengsel for ran. Den kroatiske statsborgaren skal aldri ha visst om domen han fekk i 2010.

Frode Wisth

– Dette er ei svært merkeleg sak, seier forsvarer Frode Wisth til NRK. Han opplyser at klienten fekk vete om domen på fire års fengsel berre to dagar før fengslingsmøtet i Trondheim.

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK

Mannen i 50-åra er gift, i jobb og har eit mindreårig barn.

Serbaren med kroatisk statsborgarskap vart pågripen av politiet i Trondheim førre veke. Bakgrunnen var at serbiske styresmakter hadde sendt eit formelt krav om at han skulle utleverast. Dette motsette han seg,

Politiet bad derfor om varetektsfengsling for å hindre at han stakk av.

Avviste kravet

Men Sør-Trøndelag tingrett avviste kravet frå politiet og meiner det er liten grunn til å tru at sikta vil freiste å stikke av. Mannen har ikkje vore i Kroatia eller Serbia sidan han kom som flyktning til Noreg i 1998. Familien er avhengig av arbeidsinntekta hans. Dessutan har han ikkje lenger pass då det norske han hadde for utlendingar har gått ut på dato, går det fram av avgjerda til retten.

Heile familien søkte i april i fjor om norske statsborgarskap. Retten utelukkar ikkje at dette kan bli innvilga innan kort tid.

Kravet til bevis for å varetektsfengsle i ei slik sak er lågt. Sør-Trøndelag tingrett bestemte derfor at sikta skulle settast fri mot å melde seg dagleg for politiet. Politiet anka avgjerda til lagmannsretten. Men måndag vart anken trekt, opplyser politiadvokat Mette Digermul ved Trøndelag politidistrikt til NRK. Ho vil elles ikkje kommentere saka no.

Ikkje til stades under rettssaka

Mannen har forklart at han ikkje visste om domen i Serbia frå 2010. Der vart han dømt for eit ran han skal ha utført i 1996 under krigen på Balkan. Han var ikkje til stades under rettssaka i Serbia fire år seinare og var heller ikkje innkalla.

– Dette er ei svært merkeleg sak, seier forsvarer Frode Wisth til NRK. Han opplyser at klienten fekk vete om domen på fire års fengsel berre to dagar før fengslingsmøtet i Trondheim.

– No jobbar vi med å få tak i ein advokat i Serbia som kan finne ut kva som skjedde med saka der nede etter 1996, seier Wisth.

Ny avgjerd snart

I varetektsfengslingsmøtet laurdag, opplyste politiet at sikta har vore etterlyst av Interpol sidan 2006, ifølgje utleveringskravet frå Serbia. Men dette var ikkje sjekka vidare av politiet i Trondheim.

Retten viste til at sikta har vore i mange land i Europa i løpet av dei tjue åra i Trondheim og derfor ikkje har freista å gjere seg utilgjengeleg.

Serbiske styresmakter har ikkje dokumentert godt nok at dei har freista å få tak i mannen i løpet av alle desse åra, meiner retten.

Om den kroatiske statsborgaren i Trondheim skal utleverast til Serbia, blir avgjort i eit nytt rettsmøte i nær framtid.