Hopp til innhold

– Eg har alltid drøymt om eit «american life»

2400 ungdomar tok eit år av vidaregåande i utlandet i fjor. Det er en økning på 30 prosent på fem år. Fredrikke Udbye er ein av dei som vel eit år i utlandet.

Florida

VERO BEACH: Her skal Fredrikke Udbye bu eit år hos ein amerikansk familie.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Fredrikke Udbye

GRUEGLEDAR SEG: To dagar før avreise var Fredrikke Udbye både spent, nervøs og glad.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Eg ynskjer å kome meg vekk frå tryggheita her heime og kjenne på det å av og til vere usikker.

Laurdag førre veke reiste Fredrikke Udbye (16) frå Levanger til Florida på utveksling. Der skal ho ta andre året av vidaregåande på ein ekte, amerikansk high School.

Den amerikanske draumen

Tal frå Lånekassen viser at 30 prosent fleire norske ungdomar reiste på utveksling på vidaregåande skuleåret 2012/2013 enn for fem år sidan.

Nesten 2400 ungdomar tok eit år av vidaregåande i utlandet i fjor, og USA er det mest populære reisemålet.

Hanne Bjertnes, Lånekassen

Sjå kor mange som reiser på utveksling frå ditt fylke nedst i saka.

Men å bu eit år i utlandet som 17-åring kan vere tøft. Fleire vel å avbryte opphaldet før skuleåret er omme. Ikkje alle utvekslingsorganisasjonane vil ut med nøyaktige tal, men dei seier at det ikkje er mange det dreier seg om.

Fredrikke Udbye

PAKKAR MED OMHU: Det er mykje ein må ha med seg når ein skal vere vekke ei heilt år, men Fredrikke satsar òg på litt shopping undervegs.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Utvekslingsorganisasjonen AFS seier at hos dei var det berre 10 av 250 som reiste heim førre skuleår. Det er ofte forholdet til vertsfamilien som er den største utfordringa.

– Du må vere tilpassingsdyktig når du reiser på utveksling. Du skal finne din plass i ein familie som ofte fungerar fint akkurat som den er, seier Martine Tønnessen i AFS.

LES OGSÅ: AFS treng vertsfamiliar

– Bli betre kjent med meg sjølv

– USA er jo eit trygt val på grunn av språket og kulturen, men eg trur likevel eg vil lære nye ting og bli betre kjent meg sjølv i løpet av året.

Fredrikke Udbye skal bu i ein vertsfamilie med ein far som er politimann, ei mor og to småsøsken på 7 og 11.

Explorius

PAPIRARBEID: Ynskjer du å reise på utveksling neste skuleår, kan det vere lurt på byrje prosessen allereie no. Fredrikke reiser med organisasjonen Explorius.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Det blir uvant for meg sidan eg er minst i familien her heime.

For mamma Hege Udbye er det òg litt uvant.

– Det føles litt rart, ho er jo minstejenta mi! Men eg trur dei som reiser på utveksling har så godt av å prøve seg fram sjølve utan at nokon ordnar opp for dei heile tida, seier ho.

LES OGSÅ: Karoline fikk trøbbel som utvekslingsstudent

Kjemien må stemme

Ofte er det kjemien med dei andre medlemmane av familien som ikkje stemmer heilt fortel ho.

– Det er viktig å hugse på at det er du som utvekslingselev som skal tilpasse deg vertsfamilien, skulen og landet. Det er jo du som skal oppleve noko nytt og utvikle deg.

Lena Sjøttem i utvekslingsorganisasjonen EF har følgjande råd til dei som no reiser ut:

– Ein må dra med eit ope sinn, ikkje ha for høge forventingar, ta det som det kjem, og rett og slett glede seg!

LES OGSÅ: Trenger dobbelt så mange vertsfamilier

– Eg skal ikkje heim att!

Då NRK møtte Fredrikke Udbye torsdag i førre veke heldt ho på å pakke dei siste tinga i koffertane og planlegge avskjedstapas med venninnene. Ho både gleda og grua seg til den store reisa.

– Eg har jo nokre forventingar, men klarar ikkje heilt å sjå for meg korleis det blir og då er det kanskje mindre sjanse for å bli skuffa.

– Men eg har bestemt meg på førehand for at uansett kva som skjer og kor kjipt det blir, skal eg ikkje heimatt. Eg skal ikkje heim att!

Les bloggen til Fredrikke Udbye om utvekslingsåret i Florida.

Utveksling fordelt på fylkene

Fylke

2012-13

2011-12

2010-11

2009-10

2008-09

Østfold

88

68

85

62

38

Akershus

332

285

239

200

140

Oslo

343

320

287

288

207

Hedmark

103

96

90

88

69

Oppland

98

81

110

90

82

Buskerud

100

78

77

71

68

Vestfold

118

89

77

64

72

Telemark

59

27

47

35

21

Aust-Agder

52

43

40

31

43

Vest-Agder

91

75

70

59

52

Rogaland

128

119

100

92

103

Hordaland

267

256

197

185

199

Sogn og Fjordane

31

29

24

38

34

Møre og Romsdal

89

105

84

84

74

Sør-Trøndelag

153

132

124

93

122

Nord-Trøndelag

72

54

78

49

71

Nordland

100

89

81

79

58

Troms

104

104

109

94

74

Finnmark

23

25

15

26

20

Ukjent

 

 

 

1

 

Svalbard

1

 

 

 

 

Totalt

2,352

2,075

1,934

1,729

1547

Ekspander/minimer faktaboks