Hedda Aalmen Viken (21) var på veg heim frå fest i Kristiansand natt til søndag 5. september.
Taxituren viste seg å bli svært ubehageleg for Hedda, som kjem frå Trondheim, men studerer på Sørlandet.
– Taxisjåføren begynte å spørje om eg har kjæraste. Eg synest samtalen var ukomfortabel, så eg tok opp mobilen og filma meg sjølv, fortel ho.
Akkurat då ho byrjar å filme, kjem dei mest upassande spørsmåla. Taxisjåføren gir seg ikkje, og føreslår oralsex. Hedda seier nei.
– Eg spurte om han kunne sleppe meg av etter det, og det gjorde han.
Hedda gjekk av etter ein køyretur på ti minutt – eit godt stykke før ho var heime.
– Det går bra med meg no. Men der og då var det veldig ukomfortabelt, seier ho.
– UKOMFORTABELT: Hedda Aalmen Viken (21) synest det var ukomfortabelt å få spørsmål om ho ville ha sex med taxisjåføren på veg heim frå fest i Kristiansand.
Foto: PrivatKan straffast med bot eller fengsel
Hedda melde saka til politiet, for å hindre at andre treng å oppleve noko liknande med den same taxisjåføren.
Ho opplevde at politiet tok det på alvor i starten, men så fekk ho raskt beskjed om at saka var lagt bort, «fordi det ikkje var ei straffbar handling.»
Men det stemmer ikkje.
– Seksuelt krenkande åtferd offentleg eller utan samtykke er straffbart, seier Hedda, og viser til § 298 i straffelova.
Det står tydeleg at dette kan straffast med bot eller fengsel inntil eitt år.
– Denne saka vart henlagt i første omgang fordi det ikkje vart oppfatta som ein trussel av den fornærma i saka, fortel leiar Jan Nesland for Felles straffesaksinntak (FSI) i Agder politidistrikt.
Han fortel at Hedda har rett i at åtferda til taxisjåføren kan gå inn under § 298 «Seksuelt krenkende atferd offentlig eller uten samtykke» i straffelova.
Vil etterforske saka vidare
21-åringen delte videoen av den ubehagelege taxituren på appen TikTok. Noko fleire vel å gjere.
Men sakene blir ofte lagt bort, sjølv om det finst videoar av opplevingane.
– Er ikkje video godt nok bevismateriale?
– På generelt grunnlag kan video vere godt bevis i straffesaker. Dette er nok noko vi burde tatt tak i, seier Nesland.
Politiet presiserer overfor NRK at dei vil etterforske saka vidare.
– Det er ikkje slik at dette var ei feilvurdering, men politiet vel likevel å etterforske saka vidare, for å få ei betre oversikt og deretter ta ei avgjerd.
– Ein skal ikkje bli utsett for slik oppførsel i ein taxi. Vår viktigaste oppgåve no er å finne ut kven taxisjåføren er, legg han til.
Hedda blir glad for å høyre at politiet ikkje har lagt saka heilt vekk.
– Folk bør ikkje hamne i ein sånn situasjon uansett. Spesielt ikkje under ein taxitur på veg heim etter fest. Det skal vere ein trygg måte å komme seg heim på, seier ho.
Både NRK og Agder politidistrikt har forsøkt å komme i kontakt med det aktuelle taxiselskapet utan å lukkast.
Fekk melding frå jenter på 12-13 år
Vilde-Marie Sivertsen (22) har opplevd det same som Hedda, og delt det på TikTok etterpå.
– Eg synest det er bra at ho legg det ut, for å gjere andre oppmerksame på det.
Under taxituren i Oslo i fjor sommar, spurte taxisjåføren om ho ville ha sex. Han gav seg ikkje, og stilte fleire upassande spørsmål.
– Eg synest det er heilt frykteleg at ho også opplevde dette. Videoen ser jo veldig lik ut på min video, seier Vilde-Marie.
Videoen ho delte på TikTok er sett over 1,4 millionar gonger. Fleire tusen sende ho melding.
Personar som har opplevd overgrep i taxi, mindreårige jenter ned i 12-13 årsalderen og eldre kvinner heilt opp til 80 årsalderen kontakta henne. Fleire av dei vågar ikkje å ta taxi lenger.
– Det er fint at nokon andre tek over stafettpinnen. Det er openbert eit problem, seier ho.
Har video som identifiserer sjåføren
Taxisjåføren slapp ikkje Vilde-Marie av der ho skulle, og køyrde mot ein mørk parkeringsplass. Ho kom seg til slutt vekk.
DELTE VIDEO: Vilde-Marie Sivertsen opplevde også å få spørsmål om sex av ein taxisjåfør. 1,4 millionar har sett videoen ho delte på TikTok.
Foto: PrivatVilde-Marie melde saka til politiet i sommar, eitt år etter hendinga.
1. september i år vart saka «henlagt etter bevisets stilling».
– Det er trist. Kva slags type anna bevis ein video kan ein ha? spør ho.
Vilde-Marie har også videomateriale som identifiserer sjåføren, og ho har blitt kontakta av fleire andre som seier dei har blitt seksuelt trakassert av den same taxisjåføren.
22-åringen er glad for at politiet no har endå ei sak med videobevis.
– Eg håpar dei tar ansvar snart, seier ho.
NRK har vore i kontakt med nettpatruljane både i Agder og Trøndelag politidistrikt, i tillegg til Kripos som har ansvar for nettpatruljane, men dei ynskjer ikkje å kommentere saka.