Hopp til innhold

Giske vraka av nominasjonskomiteen nok ein gong

Igjen er det berre ein av ni medlemmar i nominasjonskomiteen som vil ha Trond Giske på Stortinget.

Nærbilde av Trond Giske. Han sitter på første rad under representantskapsmøte i Trondheim Ap. Han lytter på det som sies fra talerstolen

VRAKA IGJEN: Fleirtalet i nominasjonskomiteen viser at dei nok ein gong ikkje ønsker Giske på Stortinget.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Først spelte Trondheim Ap Giske inn som toppkandidat på stortingslista.

Så blei han vraka då berre ein av ni medlemmar i nominasjonskomiteen ville ha Giske på Stortinget.

Deretter kom kommunepartia med innspel og Trondheim Ap ville framleis ha Giske inn på Stortinget.

Og no har nominasjonskomiteen sendt ut sitt endelege forslag: Fleirtalet vrakar Giske igjen.

Les også Vil ha Trond Giske på stortingslista for å samle laget

Tore O. Sandvik fra Arbeiderpartiet, midlertidig klima- og miljøminister.

Giske: – Eg synest forslaget er pussig

Leiar for nominasjonskomiteen, Roar Aas, seier han er fornøgd med arbeidet til komiteen.

– Me har gjort ein grundig jobb og lytta til innspel frå kommunepartia.

Aas seier fleirtalet av kommunepartia er einige med forslaget nominasjonskomiteen no har lagt fram.

Fleirtalet i nominasjonskomiteen vil ha Per Olav Skurdal Hopsø på førsteplass, medan mindretalet vil ha Trond Giske på topp.

Men han er likevel ikkje sikker kva som blir det endelege resultatet når listene skal voterast over.

– Det er litt 50/50 om det blir den eine eller den andre lista.

For kommunepartia som vil ha Trond Giske på topp tel flest delegatar på nominasjonsmøtet når det heile skal avgjerast.

Eg synest framleis det er pussig at fleirtalet i nominasjonskomiteen vel å halde fast på sitt forslag etter at dei ikkje fått støtte frå fleirtalet av medlemmane.

Det seier Trond Giske til NRK.

No er det fire av kommunepartia som støttar forslaget med Trond Giske på førsteplass. Det er Arbeidarpartiet i Malvik, Oppdal, Røros og Trondheim.

Desse partilaga har til saman 71 av 133 delegatar når stortingslista skal endeleg vedtakast. Og det gjev Giske fleirtalet dersom det alle stemmer slik partilaget no har indikert.

– Eg synest det er veldig hyggeleg at innspela frå kommunepartia gjev eit fleirtal for meg på førsteplass, legg Giske til.

– Glad for førsteplassen

– Det er utruleg hyggelig å bli nominert som førstekandidat og å oppleve så brei støtte i heile fylket. Eg er motivert og ønsker å bidra til eit sterkare og tydelegare Trøndelag Arbeidarparti, der me jobbar for ein betre skule der ungane våre lærer meir praktisk og betre, at enno fleire kjem i jobb, og der vi styrker Trøndelag sin posisjon.

Det seier Per Olav Skurdal Hopsø, som er på førsteplass på fleirtalet sitt forslag.

Usikker framtid også for Kjerkol

Det er først 30. november ein får svar på kven som endar på toppen av stortingslista frå Trøndelag Ap.

Nominasjonsprosessen i Trøndelag Ap

Arbeidarpartiet i Trøndelag er i gang med å finne ut kven som skal representeret partiet frå Trøndelag etter stortingsvalet neste år. Partiet skal kome fram til ei liste over kandidatar for Nord-Trøndelag og ei liste for Sør-Trøndelag. For sjølv om Trøndelag blei eit samla fylke i 2018 er framleis Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kvar sine valdistrikt.

Då møtast heile fylkespartiet for å debattere og stemme fram ei liste for valkrins Nord-Trøndelag og ei liste for valkrins Sør-Trøndelag.

Nominasjonskomiteen for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag skal ha sitt møte og kome fram til eit forslag til endeleg liste måndag 21. oktober.

Då kommunepartia skulle sende inn sine lister over kven de helst vil ha på Stortinget, blei Kjerkol vraket av fleire.

Les også De største lokallagene til Ap vraker Kjerkol

Ingvild Kjerkol

Først var det berre fire lokallag som hadde Kjerkol som sin toppkandidat, Stjørdal, Flatanger, Meråker og Frosta.

Men etter den siste innspelsrunden frå kommunepartia blei det klart at Steinkjer snur og set Kjerkol på toppen av lista.

– Me treng kompetansen og erfaringa som Ingvild har opparbeidd seg gjennom mange år, og eg er veldig glad for at medlemsmøtet blei med på det forslaget.

Det sa May Britt Lagesen i Steinkjer Ap etter at kommunepartiet snudde om på Kjerkol sin posisjon. Men det er enno ikkje avgjort.

Les også Ingvild Kjerkol på topp i Steinkjer, men vrakes i Verdal

Ingvild Kjerkol

Bråket i Trondheim Ap

Heilt sidan Trond Giske blei vald inn som toppkandidaten på stortingslista til Trondheim Ap første gong, har det splitta kommunepartiet.

Personangrep og intern strid har blitt tatt både frå talarstolen og i media.

– Slutt å rakk ned på kvarandre. Personangrepa kjem tettare og er grovare. Me kan ikkje ha det slik.

Det sa leiar i Trondheim Ap, Pål Sture Nilsen, då dei nok ein gong valde Trond Giske som sin toppkandidat.

– Det er splittande og skadeleg, la han til.

Også Aas i nominasjonskomiteen seier det er store utfordringar i kommunepartiet.

– Me har store utfordringar. Korleis me samlar laget blir opp til styret i Trondheim Ap, men me i nominasjonskomiteen skal no gjere vårt.

Les også Karianne Tung sier nei til plass på Stortingslista

Karianne Tung
Norges digitaliserings- og forvaltningsminister
Arendalsuka 2024.

Undervegs i nominasjonsprosessen har fleire av politikarane i Trøndelag Ap trekt seg og sagt at dei ikkje vil ha ein plass på Stortinget.

Og då Kirsti Leirtrø trakk seg, bad ho Giske gjere det same frå toppen av lista.

– Eg vil ikkje ha Trond. No ber eg han tre til side for nye yngre krefter, for å komme vidare, sa ho.

Men det har Giske svart at han ikkje kjem til å gjere.

Les også Giske stemt fram som toppkandidat i Trondheim Ap igjen

Trond Giske sitter på første rad i en møtesal. Han gir sin mor Norunn Illevold Giske en klem. Helt til venstre i bildet ser vi også Giskes far, Bjørn Giske. Medlem i Nidaros Sosialdemokratisk Forening Randi Spets sitter på Giskes venstre side