Hopp til innhold

Det som MÅ vere med i 17. mai-talen

«Fridom, fred, Grunnlova, demokrati – og pølser og is». Nokre ord berre MÅ vere med når ein skal halde tale for dagen på sjølvaste 17. mai.

Vakkert barnetog i Gjerdsvika.

Vakkert barnetog i Gjerdsvika. Over heile landet blir det halde tale 17. mai.

Foto: Kirsti Meli

Rundt om i heile Noreg skal folk halde 17. mai-tale. Nokre er rutinerte i å ta ordet – som til dømes politikarar og lærarar, men òg mange skoleelevar skal halde talen.

Felles for dei alle er at det er ein del ord og tema som skal vere med.

Grunnlova får stor plass

Johan Tønnesson

Johan Tønnesson, professor ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Johan Tønnesson er professor i sakprosa ved Universitetet i Oslo, og han har saman med Kirsten Sivesind analysert retorikken i norske 17. mai-taler. Dei har sett på 30 talar som er skrivne og framført av skoleelevar.

– Vi ville mellom anna finne ut kor stor plass sjølve Grunnlova fekk, både direkte og indirekte. Det viser seg at Grunnlova får ganske stor plass. Det er ein del faktaopplysningar som må vere med, mellom anna at 110 menn var samla på Eidsvoll våren 1814. I tillegg handlar det om fridom, sjølvbestemming og demokrati, seier Tønnesson til Språkteigen i NRK P2.

Ein annan fellesnemnar er det store «vi». Dei fleste er innom fellesskapen som nordmenn kjenner ekstra sterkt på ein slik dag.

Før og etter 22/7

I tillegg snakkar alle om «kor fint det er å bu i Noreg, som er eit unikt og fint land».

– Nokre av dei talane vi har sett på, er innom krigen i Afghanistan og den arabiske våren. Det er emne som aktualiserer Grunnlova, seier Tønnesson.

Dei tretti talane som Tønnesson og Sivesind har analysert, er frå 2011 og 2012. Det betyr at nokre av dei er frå før 22. juli og udåden på Utøya og i Regjeringskvartalet, nokre frå året etterpå.

– Vi trudde det ville bli meir vekt på det store fellesskapet i 2012, seier Tønnesson til NRK.

Men teorien stemte ikkje heilt. Det var tydeleg enda meir vekt på sjølve Grunnlova, og verdien av å ha ein samlande grunnlovsdag.

– Det kan sjå ut til at det gjekk ein direkte tråd frå rosetoga året før, til 17. maifeiringa i 2012, trur Tønnesson.

  • Høyr intervju med Johan Tønnesson i Språkteigen på sjølvaste nasjonaldagen, 17. mai, klokka 0930 på P2.