Hopp til innhold

Alvorleg at Wiik er forsvunnen

Det er eit tillitsbrot og svært alvorleg at ein drapsdømt er forsvunnen, meiner statsadvokat i Trondheim.

Terje Wiik
Foto: NRK

Drapsdømte Terje Wiik har vore etterlyst sidan fredag då han ikkje møtte opp ved Ila Fengsel i Bærum etter endt permisjon.

– Han soner ei lang straff og psykiatarane har sagt at det er ein viss fare for at han kan gjere det same igjen. Det at han ikkje har komme tilbake er verken trygt eller bra og det er ikkje hans val når han skal komme tilbake, seier førstestatsadvokat i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes, til NRK Trøndelag.

Stakk til Strasbourg

Terje Wiik soner 21 års fengsel for å ha tatt livet av eks-kjærasten sin med gift i 1999. Etter eit samlivsbrot året før skal Wiik ha smugla det giftige stoffet thallium i drkkevarer ho hadde ståande.

Fredag skulle han melde seg etter å ha vore ute på permisjon. Det gjorde han ikkje og politiet intensiverte i går etterforskinga og jakta på Terje Wiik.

Ifølgje advokat John Christian Elden har Terje Wiik vore i menneskerettsdomstolen i Strasbourg mens han har vore på rømmen frå Ila fengsel.

Les også: - Wiik har vært i Strasbourg

Må få konsekvensar

Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes meiner Terje Wiik har brote tilliten til politiet og at det bør før konsekvensar når han i framtida skal søke om permisjon.

Han forklarar at det er muleg at drapsdømte forsvinn fordi også dei har rett på permisjon under soning.

– I bakgrunnen for permisjonsreglane ligg det alltid ei vurdering opp mot tryggleiken. Dette er reglar der skjønn også alltid blir vurdert i kvart enkelt tilfelle, seier Soknes.

Han legg til at det kanskje er behov for å ta kontakt med politiet for å sikre seg om at det som er naudsynt å gjere, blir gjort.