Hopp til innhold

Tre veker etter flukta frå Ukraina er «Gosha» (9) tilbake på skulebenken

Det er ikkje lenge sidan niåringen opplevde bombing og skyting i nabolaget. No er han saman med 22 andre ukrainske barn i gang med skule i Levanger.

Skole

PÅ SKULEN: Ni år gamle Heorhii «Gosha» Verkhniatskyi (t.h.) frå Ukraina starta denne veka på norsk skule. Her saman med femteklassingen Mark Pehenyi, som også er ny elev.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Eg trivst veldig godt her. Eg synest lærarane er veldig flinke. Eg får mykje merksemd.

Det fortel Heorhii «Gosha» Verkhniatskyi.

23 elevar frå Ukraina starta torsdag denne veka ved Vårtun Kristne Oppvekstsenter i Levanger. Ein privatskule som har elevar frå 1. til 10. klasse.

Dei ukrainske flyktningane er ifølge Kunnskapsdepartementet blant dei første i landet som har begynt på norsk skule.

– Veldig redd for å reise tilbake til Ukraina

«Gosha» er éin av dei nye elevane. Han kjem frå byen Zhmerynka i Ukraina. Alt er nytt for fjerdeklassingen.

Skole

KONSENTRERT: Ni år gamle «Gosha» følgjer fjernundervisning frå Ukraina frå skulen i Trøndelag.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Vennene mine, lærarane og bøkene... Alt er igjen heime.

– Samtidig er eg veldig redd for å reise tilbake til Ukraina, legg han til.

Familien på sju var trygt på plass i Trøndelag for eit par veker sidan.

– Då vi kom fram til Levanger kom tårene. Eg er ein vaksen og seriøs mann, men då klarte eg ikkje å halde tårene tilbake, fortalde faren hans i eit intervju med Trønder-Avisa.

HEIMBYEN: Familien til «Gosha» har flykta frå Zhmerynka i Ukraina til Levanger i Trøndelag.

Kulturforskjellar

Både dei ukrainske elevane og foreldra sit igjen med mange sterke inntrykk etter flukta frå krigen.

– Berre i løpet av ein dag forandra livet seg. Det er så klart veldig vanskeleg for oss.

Det seier Lena Nartovska, som er mor til eitt av dei ukrainske barna som no har starta på skule i Levanger.

– Barna startar å lære norsk. Det er litt vanskeleg, men dei kan lære seg det. Det er veldig gode lærarar her, fastslår ho.

Rektor

FLAGG: Rektor Harry Gilberg ynskte dei ukrainske elevane velkomne på Vårtun Kristne Oppvekstsenter torsdag.

Foto: Vegard Woll / NRK

For rektor Harry Gilberg var det viktig å legge til rette for dei ukrainske elevane raskt.

– Det er klart at dei har ein anna kultur enn oss. Vi får ein del overraskingar med tanke på både namna deira, og så verkar det som det er litt fritt om dei startar på skulen når dei er 6, 7 eller 8 år.

Det vart derfor litt utfordrande å plassere elevane på riktig klassetrinn.

– Det er viktig å inkludere dei i klassane – at dei får vere saman med andre elevar og bli kjende med dei. Dei lærer mykje språk gjennom leik, og å vere saman med jamaldrande på skulen, meiner rektoren.

Fjernundervisning frå Ukraina

Foreløpig er det ein kombinasjon av ukrainsk og norsk skule.

– I utgangspunktet var dei veldig opptekne av å ha ukrainsk skule med fjernundervisning frå Ukraina. Vi prøvde det halve dagen. Men så har vi tenkt at dei skal få norskopplæring etter lunsj, sa rektoren torsdag.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier i ei pressemelding at fjernundervisning frå Ukraina er eit tilbod som elevane kan velje å følgje som supplement til opplæringa som blir gitt i norsk skule.

– Vi veit ikkje kor lenge krigen varer eller kor raskt barna kan flytte tilbake. Derfor er det viktig at barna får vanleg skulegang også frå eit integreringsperspektiv, seier ho og legg til:

– Vi må derfor planlegge både for at dei skal vere i norsk skule ei stund, samtidig som dei skal behalde tilknytinga til Ukraina, spesielt med tanke på språk.

Tonje Brenna

KUNNSKAPSMINISTER: Tonje Brenna (Ap) ynskjer at overgangen mellom Ukraina og Noreg skal bli så god som mogleg for elevane.

Foto: Even B. Johnsen

Kunnskapsdepartementet: – Imponerande

Ifølge Kunnskapsdepartementet registrerer ikkje skulane etnisitet på elevane, og dei har derfor ikkje ei nasjonal oversikt over kor mange flyktningar frå Ukraina som no går på skule i Noreg.

– Det er imponerande å sjå korleis kommunane, slik som Levanger, har teke imot flyktningar frå Ukraina og raskt gir barna eit skuletilbod, skriv statssekretær Halvard Hølleland (Ap) i ein e-post til NRK.

Statssektretæren fortel at barn og unge raskt skal få eit tilbod om å starte på skulen. Seinast innan ein månad.

– Ingen veit kor mange flyktningar som vil komme til Noreg framover, men det er venta at rundt halvparten av dei som kjem er barn. Per no er rundt 3000 barn i ulike aldrar registrerte, ifølge Hølleland.

Skole

UTEAKTIVITET: «Gosha» (9) har allereie funne seg godt til rette på den nye skulen i Levanger.

Foto: Vegard Woll / NRK

50 millionar til å utvikle ukrainske læremiddel

Det er kommunane som har ansvaret for å gje elevane den opplæringa dei har krav på. Regjeringa skal støtte kommunane i denne jobben.

Dei gir 50 millionar kroner til utviklinga av ukrainske læremiddel. Det blir i tillegg føreslått å gje 86,5 millionar kroner til skulane på grunn av at det kjem fleire flyktningar.

– Å ha ein skule å gå til, møte andre barn og trygge vaksne, er veldig viktig og normaliserande i ein elles usikker og vanskeleg situasjon, legg statssekretæren vekt på.

LES OGSÅ Ukrainske Anna (5) overøses av gaver fra sine nye naboer

Anna og Lesia