Mildvêret har slått inn i Troms og Finnmark etter veker med vinter. Det skaper trøbbel på vegane når store nedbørsmengder blandar seg med snøsmelting og sørpe.
Fleire store sørpeskred har gått utover ettermiddagen. I Engvika på Rebbenesøya i Troms har eit 40–50 meter breidd jord- og sørpeskred treft eit hus. Det er ikkje meldt om personskade.
– Bebuaren kjente store rystelsar i huset, seier operasjonsleiar Roy Tore Meyer i politiet.
Personen som bur i huset er ikkje evakuert. Staden er sikra, men vegen er framleis stengt.
På Kattfjord på Kvaløya har eit skred gått over vegen og treft ei hytte.
– Vi har fått til å opne eit køyrefelt og har manuell dirigering der, seier operasjonsleiaren.
Det har også gått eit ras over E8 midt i Lavangsdalen. Det er ikkje meldt om personskadar.
Vanskelege køyreforhold
Særleg i ytre kyststrøk i Troms og Finnmark er det vanskelege køyreforhold. Fleire vegar er stengde på grunn av vassmengder og snøskredfare.
– Det er små bekkar som blir store og sperrar vegen. Det er temmelege utfordrande forhold på vegane no, seier Håvard Langmo, trafikkoperatør for Vegtrafikksentralen Nord-Noreg.
Dei ber alle som er ute på vegane om å vurdere om dei verkeleg må ut å køyre i dag.
– Spesielt dei som bur i utsette område burde vurdere om dei treng å fare ut på vegane, seier Langmo.
Enorm snøskredfare
Søndag har det gått fleire snøras i fylket. Det er ikkje meldt om personskadar, men rundt 200 innbyggarar er isolerte i bygda Fjordgård på Senja. Der gjekk eit stort sørpeskred over vegen.
No er fleire vegar stengd på grunn av fare for ytterlegare snøskred.
I Troms gjeld dette fleire vegar på Senja, og Fylkesveg 864 mellom Tromsø og Oldervik. I Finnmark er fleire vegar stengt sørvest i regionen.
– Vi har hatt fleire vegar stengt på Magerøya i Finnmark på grunn av stor fare for skred, seier Langmo.
E6 Langfjordbotn-Storsandnes er også stengd på grunn av fare for skred. Ny vurdering vil bli gjort måndag klokka 12.
Travel dag for brannvesenet
Søndag ettermiddag stod oppdraga i kø for brannvesenet i Hammerfest. I løpet av seks timar måtte dei rykke ut fire gongar for å hjelpe folk med vassinntrenging i kjellarar.
– Det starta roleg, men tok seg opp utover dagen med kjellarar som blir fylt med vatn og elvar som går over løpa sine, seier innsatsleiar i Hammerfest brannvesen, Per Egil Nilsen.
– Det er ikkje ein vanleg søndag. Å tømme kjellarar for vatn tek tid.
Brannvesenet i Hammerfest rykte ut til bustad i Forsøl.
Foto: Per Egil Nilsen/Hammerfest brannvesenKor store skadar vassmassane har ført til, er foreløpig ikkje klart. Innsatsleiaren ventar også at skadeomfanget vil auke i løpet av kvelden. Hyttefolket som har vore bortreist i vinterferien har ikkje full oversikt før de kjem heim søndag kveld.
Vêret kan også føre til meir overflate regn og snøsmelting.
– Det er ein god del vind frå vest, regn og plussgrader. Vi har utfordringar med overflatevatn når det er frost i bakken, seier Nilsen.
Held fram måndag
Vêret vil halde fram både i Tromsø og Finnmark ut over kvelden. Vinden ifrå vest vil ligge mellom liten til stiv kuling.
– Desse byene vil fortsette, så det blir nok både vindfullt og vått, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.
Måndag vil vinden ta seg enda meir opp, opp til sterk kuling enkelte stader, i tillegg til store nedbørsmengder. Spesielt Vest-Finnmark og Nord i Troms er utsett.
Faren for snøskred vil også vare utover måndagen.
– Slike polare lågtrykk er ikkje så gunstig for skredfaren. Det er ikkje noko å ferdast i fjellet med, seier Wiberg.