Hopp til innhold

Kald og overskya påskestart – men sola kjem

Påska startar ganske overskya i Troms, men sola er venta frå i morgon. På Svalbard og i Finnmark er påskesola allereie på plass.

Sol på Finnsnes
Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

– I Troms ser det ut til å bli ganske roleg. Vi har bris frå søraust. Utover kvelden blåser det litt opp i nordleg til frisk bris.

seier vakthavande statsmeteorolog Karen Jarstø Ervik ved Vervarslinga Nord-Noreg.

Ho seier det er overskya i store delar av Troms måndag morgon.

– Det er eit skydekke over Troms i dag, og det kan bli snøbyer. Men det skal sprekke opp utover kvelden.

Tysdagen blir betre

Statsmeteorologen fortel at tysdagen ser betre ut. Det vil bli meir vind og periodar med liten kuling utsette plassar i øst, men:

– Det blir opphaldsvêr og periodar med sol.

På Svalbard har sola allereie meldt seg.

– Det blåser frå nord og nordaust, men det er for det meste berre frisk bris. Og så er det stort sett pent vêr heile dagen i dag og i morgon. Det er gode moglegheiter for sol og kalde temperaturar, seier Ervik.

– Påskevêret tittar fram disse dagane, legger ho til.

Finnmark

Mange har allereie tatt påskeferie, medan nokon framleis går på jobb for å halde samfunnshjula i gang i høgtida.

Les også Bygdene ved Andsvatnet samlet seg til årlig isfiske

Isfiskekonkurransen på Andsvatnet

Uansett om ein ferierer eller jobbar, kan finnmarkingane vente seg ei god start vêrmessig på den stille veka.

– I dag ser det ut til å bli ganske godt påskevêr. Det blæs frå søraust, men det er maks frisk bris på utsette stader. Det er lite skyar og gode mogelegheiter for opphaldsvêr.

Morgonen starta kaldt i Finnmark, med -26 gradar på det kaldaste.

– Det varmast litt opp når sola kjem fram. Det blir frå -10 til lågare temperaturar i fylket, seier Ervik.

Tysdag ettermiddag kan det bli nokon skyar på Finnmarksvidda, elles blir vêret som i dag, ifølge statsmeteorologen.

Påska startar med faregrad 2 og moderat snøskredfare i store delar av Troms og Finnmark. Det er nokon unntak. I Tromsø, Nordenskiöld Land land, Finnmarkskysten og Vest-Finnmark er faregraden 1.