Hopp til innhold

Sender «Julemorgen» for tredje gong på rad frå Tromsø på julaftan

Morten Strand og hunden Saft leiar for tredje året på rad «Julemorgen» frå Tromsø. Det gjer dei saman med barneprogramleiar Mathilde og Safts namnlaus kvalp.

I nettspilleren eller på NRK1/NRKSUPER klokken 08:30 på julaften kan du få med deg Morten, Mathilde og Saft med venner.
De ser alle de kjente og kjære julefilmene sammen med deg i Julemorgen.
Det er tredje julaften på rad at Morten Strand sørger for hygge og kos, og med seg har han barneprogramleder Mathilde, hunden Saft og valpen hans. Det vesle knøttet skal få navn på julaften.
Kråka og Fantorangen kommer på julebesøk med godt humør. Det samme gjør Selma og Pil i Snøfall, eller Siri Skjeggedal og Kevin Haugan som de heter. Siste episode i årets julekalender kommer på Julemorgen.

«No er det julemorgon, alle barn må stå opp og gjere seg klar», syng Morten og Mathilde.

Det er dei to som skal halde NRK-sjåarane med selskap frå morgonen og hele den lange, forventningsfylte formiddagen på julaftan.

Med seg har dei to firbeinte «programleiarar». Mortens faste venn, den dansk-svenske gardshunden Saft Suse, stiller trufast opp. Med seg har han dottera si.

Kvalpen har førebels ikkje fått namn. Det skal den vesle hunden få på sjølvaste julaftan.

Viser tradisjon tro klassikarar

Sendinga spelets inn i Tromsø, blant trehusa i den gamle bydelen Skansen.

Der er det idylliske små hus og trongt mellom bygningane. Så her blir det ordentleg julebystemning.

Julemorgen DNRR66001523

«Julemorgen» sendast frå Skansen i Tromsø.

Foto: NRK

For mange blir det ikkje julaftan før ein har sett nokre av dei faste innslaga på «Julemorgen».

Morten og Mathilde skal vise filmar som trufaste sjåarar av NRK ønsker seg, som «Tre nøtter til Askepott» og «Reisen til Julestjerne». Dermed vil dei sørge for at det blir jul i år også.

Programleiarane får også fleire julebesøk.

Kråka og Fantorangen kjem innom med godt humør.

Det same gjer Selma og Pil i Snøfall, eller Siri Skjeggedal og Kevin Haugan som dei heiter Siste episode i årets julekalender kjem på «Julemorgen».

Julemorgen DNRR66000123

Morten og Mathilde leiar «Julemorgen» saman med Saft Suse og dottera hans. Kvalpen får namn på julaftan.

Foto: NRK

Det blir også spennande gjetteleik som Ane Norum Kvistad frå Newton lagar.

I år er det tredje julaftan på rad at Morten Strand og Saft Suse sørger for hygge og kos på «Julemorgen».

«Julemorgen» sendast på julaftan, 24. desember frå kl. 07.30 til kl. 14.00 på TV-kanalane NRK1 og NRK Super, i tillegg strøyming på NRK TV.