Hopp til innhold

Russarar blir sende heim

Dei to russiske fiskarane som blei tekne for ulovleg grensepassering sundag morgon blir nå sende heim att til Russland, det seier operasjonsleiar i Finnmark politidistrikt, Thomas Pettersen. – Me er ferdige med avhøyr, og dei blir sende tilbake til Russland over Storskog, seier han. Dårleg vær og problem med båten skal vera grunnen til at dei to søkte naudhamn på ei strand i Grense Jakobselv.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark