Hopp til innhold

Regjeringa reddar Store Norske med ein halv milliard kroner

Staten reddar Store Norske, og regjeringa bidrar med 500 millionar kroner til gruveselskapet Store Norske gjennom eigendomskjøp og lån.

Svea på Svalbard

No kan skjebnen til Store Norske avgjerast.

Foto: Idar Nikolaisen

– Det er viktig for dei som jobbar der og for lokalsamfunnet på Svalbard, men det er også viktig at Staten sikrar seg viktig eigedom på Svalbard, seier Monica Mæland til NRK i kveld.

Staten bidrar altså med eit lån til konsernet på 500 millionar kroner. Regjeringa vil dermed løyse den vanskelege saka for selskapet.

Det seier næringsminister Monica Mæland på ein pressekonferanse no i kveld.

– Er det andre grunnar til at de gjer dette no?

– Det har gjennom mange år vore viktig for Noreg å ha eit lokalsamfunn på Svalbard, og i tillegg til å sikre oss viktig eigedom, er det viktig å skape ro rundt selskapet, seier Mæland og legg til:

– Så må vi sjølvsagt jobbe framover no med ei Svalbard-melding, den har justisminister Anders Anundsen det overordna ansvar for. Justisministeren og eg vil no reise til Svalbard og diskutere med Store Norske og med lokale myndigheiter kva som skal vere moglegheitene for Svalbard vidare.

Statleg eigarskap

Konsernet får 500 millionar kroner. Selskapet hadde søkt om eit lån på 450 millionar kroner, men denne summen blei auka til 500 millionar.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland (Høgre).

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

– Det er nødvendig for å ha framleis forsvarleg drift, seier Monica Mæland, næringsminister for Høgre.

– Vi legg til rette for at drifta kan halde fram, men det er ingen garanti for framtida til kullbransjen, seier Mæland.

Ein del av avtala er at Staten får direkte eigarskap til eigedom i Svea og Longyeardalen.

Mæland understrekar at løysinga er avhengig av Stortinget sitt samtykke, og ho seier at saka vil bli fremma i Stortinget om kort tid.

Det er viktig å understreke at Noreg sin suverenitet over Svalbard er ubestridt, seier Mæland.

– Ein milepæl for Store Norske

– Vi er letta og glade for at vi har kome til ei løysing som sikrar drifta til Store Norske sitt vidare arbeid, seier styreleiar Annette Malm Justad.

Malm Justad gler seg til å kome i gang med arbeidet etter at finansieringa no er på plass:

– Dette legg eit godt grunnlag for å sikre drifta i Lunckefjell utover den korte driftsperioden vi har lagt til grunn. Dette er ein viktig milepæl for Store Norske.

Sal av eigendomer er ei fleksibel løysing, meiner styreleiaren.

– Vi veit av vi har mykje arbeid framfor oss, men vi gler oss mest til å kome i gang, seier styreleiaren, som takka regjeringa og banken for løysinga.

99,9 prosent av aksjane

Det er Staten, ved Nærings- og fiskeridepartementet som eiger 99,9 prosent av aksjane i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK). Dotterselskapet Store Norske Gruber AS har vore i ein alvorleg økonomisk situasjon, men er no redda av regjeringa.

Næringsminister Monica Mæland frå Høgre kommenterte i kveld situasjonen i ein pressekonferanse hos Nærings- og fiskeridepartementet.