– Russisk ungdom reiser mykje, og buss frå Murmansk er ein rimeleg måte å koma seg både til Kirkenees, Vadsø og kanskje til Tromsø eller ut i verda på. Det meiner Remi Strand som er leiar i hovudutval for kultur og samferdsel i Finnmark fylkeskommune.
I dag møter politikarar frå Finnmark russiske kollegaer i Murmansk. Her vil det bli diskutert korleis stadig fleire menneske kan reise meir effektivt over grensa i nord.
Og Strand meiner ein døgnopen grensestasjon, gjenopning av flyruta frå Tromsø til Murmansk, visumfri avtale og betre bussforbindelse vil auka kontakten
Upraktisk med stenging
– Grensepasseringen mellom Noreg og Russland er i dag stengt om natta. Upraktisk, og til hinder for næring og kontakt, meiner Strand.
– Vi vil be både Noreg og Russland om å ha grensa open heile døgnet. Det vil føre til meir trafikk og meir turisme. Det trur eg og myndigheitene i begge land ser, meiner Strand.
Russlands annektering av Krim og involvering i konflikten i Aust-Ukraina gjer at Noreg ikkje har kontakt med Russland på regjeringsnivå.
Men Finnmark pleier politisk kontakt med både Murmansk og Arkhangelsk.
- LES OG:
- LES OG:
Meir samarbeid
Strand har i mange år jobba med russiske spørsmål. Han svarer slik på spørsmål om ikkje eit stadig meir autoritært Russland kan skade samarbeidet i nord:
– Finnmark fylkeskommune har tett samarbeid både med Murmansk og Arkhangelsk. Vi ser ingen hindring og ønsket om samarbeid er større enn tidlegare. Det er vi glad for, og vi reiser ikkje bort dit for å driva russisk politikk. Det får russarane sjølv gjera, seier Strand.