Oljenedturen kan gå mot slutten

Både Nav og Statistisk sentralbyrå har byrja å augne slutten på den økonomiske nedturen oljekrisa har ført til. – Vi trur at arbeidsløysa vil halde fram med å auke i år, men at vi går inn i ein moderat oppgangskonjunktur neste år. Dermed vil vi sjå ei forsiktig betring utover i 2017, seier seniorrådgjevar Johannes Sørbø i Nav til Dagbladet (pluss).