Hopp til innhold

Meiner Norges Fiskarlag er ved randa av oppløysing

– Norges Fiskarlag er ved randa av oppløysing. Det finst ikkje ei meir dekkande beskriving.

Det seier styreleiar i Fiskebåt, Christian Strand Halstensen. Dei organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.

Fiskebåt har ein pågåande konflikt med ein annan del av fiskarlaget, Nord Fiskarlag, som organiserer fiskarar frå Nord-Noreg. Årsmøtet til Fiskebåt startar i dag og der skal organisasjonen ta stilling til om dei vil melde seg ut av Norges Fiskarlag.

Styret har landa på ei innstilling om å bli i organisasjonen, men leiaren var tydeleg på at det ikkje er eit lett samarbeid.

– Det siste året har det vore lettare å tru på gud enn på fiskarlaget, sa Halstensen i sin tale til årsmøtet.