Hopp til innhold

Avsluttar søk etter sakna mann i Tana

Politiet og frivillige mannskap har sidan fredag leita etter ein sakna mann i Tana som heiter Marcus. No avsluttar dei søket.

Marcus Unsal

Politiet søkjer etter Marcus i Tana.

Foto: privat

Politiet skriv på Twitter klokka 19. 15 laurdag kveld at dei har bestemd seg for å avslutte søk etter sakna. Dei pårørande er varsla om det. Den tekniske og taktiske etterforskinga har gått føre seg parallelt. Den går framleis føre seg for fult.

Politiet opplyser at han vart sist sett i området Ruostefielbmá cirka kl. 00.00 natt til fredag.

Til saman har 18 frå Sivilforsvaret, fire frå politiet, seks frå brannvesenet og seks hundar har også vore med å søkje.

– Dei skal sluttføre søket som går føre seg no og ta ein vurdering om vi skal fortsette vidare i dag, seier Ann Rigmor Søderholm, operasjonsleiar i politiet.

Politiet fortel til iFinnmark at dei har fått nokre tips som dei jobbar vidare med og ikkje utelukkar at han er i andre deler av Finnmark.

– Vi søkjer framleis, men har ikkje gjort nokre funn, sa Hans Kristian Eines, leiar i Vadsø Raude Kross tidlegare laurdag.

Hans Kristian Eines, raude kross

Hans Kristian Eines frå Raude Kross i Vadsø har hjelpt til i søket etter mannen.

Foto: Privat

iFinnmark skriv at han skal ha vore på ferie i Tana, og at det er familien som har meldt han sakna.

Eines opplyser at dei ikkje har så mykje informasjon om mannen, anna enn kleda han går med. Mannen hadde ikkje med seg både mobiltelefon og lommebok. Også ein bil han brukar sto igjen då mannen vart borte.

– Vi veit eigentleg ganske lite, og derfor var det ein ganske omfattande aksjon.

Dei har valt å fokusere på den siste posisjonen der mannen har vore, og deretter utvida litt etter litt.

– No har vi finsøkt i cirka 800 meters omkrins, og så har vi søkt på seks kilometer langs stiar, seier Eines.

Han fortel dei skal fortsetje å utvide søkjeområda heilt til dei gjer eit funn eller får ny informasjon om kva som kan skjedd eller kvar han er.

– Frå Raude Kross har vi vore tre i natt. No er to av dei drege heim for å sove. Eg er den einaste igjen her no. Det er veldig hektisk. Vi står på alle mann for å finne han.

Politiet ber publikum om å ringe 02800 viss dei har sett mannen det siste døgnet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark