Hopp til innhold

Knalldebut for 18-åring

TIL kunne endeleg sleppe jubelen laus etter 2-0-sigeren mot Aalesund.

Mikael Ingebrigtsen
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det følast rett og slett godt, seier TIL-trenar Bård Flovik på telefon frå Ålesund.

Etter tre tippeligakampar utan siger, var det endeleg tid for å sleppe jubelen laus. For med to mål i laget frå Tromsø sin favør, blir det tre poeng til Gutan.

– Å få ein trepoengar på bortebane, det er herleg, meiner Flovik.

– Kva betyr det for TIL å få poeng no?

– No er sesongen framleis ung, dette er jo berre fjerde serierunde. Vi har ikkje fått ein trepoengar før, så det er godt å få han no, særleg når det er på bortebane, seier Flovik og legg til:

– Vi skulle gjerne ha fått det heime også. Dette gir oss ekstra energi, og trykk til å fortsetje allereie på torsdag mot Stabæk.

– Kva var det som fungerte i dag?

– Først og fremst så er det ein heroisk innsats. Vi spring mykje og går inn i duellar, vi har godt forsvarsarbeid og angrip meir direkte. Vi får ein god del fine angrep slik at vi kan straffe dei og forsvare oss godt. Så det er jo summen av stor innsats, godt forsvarsarbeid og giftige angrep, meiner trenaren.

– Så har de ein unggut på laget, som scorar i sin debut. Korleis er det?

– Det er kjempegøy, både for laget og for han. Det er bra for utviklinga i TIL at vi klarer å få fram sånne gode, unge spelarar. Han har scora to kampar på rad no, i cupen og i dag. Det er sjølvsagt artig for oss alle, seier Flovik til NRK.