Hopp til innhold

Hevdar byråkrati hindrar bedrifter å tilsette ukrainarar

Dmitrij frå Ukraina er glad for å jobbe og betale skatt. Sjefen meiner det er viktig at flyktningane kjem i arbeid, men regelverket gjer det vanskeleg å tilsette dei.

Arbeids- og integreringsministger Marte Mjøs Persen (A) sammen med den ukrainske flyktningen Dmitrij Apalahije i Kirkenes.

SKATTEBETALAR: Arbeids- og integreringsminister Marte Mjøs Persen er imponert over at Dmitrij Apalahije frå Ukraina vil betale skatt til Noreg.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

I fjor vår flykta gruvearbeidar Dmitrij Apalahije frå heimbyen Vinnitsia i Ukraina.

Han enda opp i Sør-Varanger i Finnmark, der han no er tilsett i eit firma som bygger barnehage i Kirkenes.

– Eg er ikkje vand til å sitte på skuldrene til andre og be om pengar. Eg er vand til å arbeide med mine eigne hender, ha inntekt og betale skatt til staten, seier Apalahije.

Den ukrainske flyktningen Dmitrij Apalahije maler et vindu i Kirkenes barnehage.

FEKK JOBB: – Eg ville ha jobb i gruva, men oppdaga at det ikkje er drift der. Difor måtte ei finne anna arbeid, seier Dmitrij Apalahije.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Vanskeleg og byråkratisk

Det er i Entreprenørselskapet Tecto som Apalahije jobbar for i Kirkenes.

Anleggsleiar Brede Sæther fortel at det er tre ukrainske flyktningar blant dei tilsette. Han meiner det er viktig at flyktningane kjem ut i arbeid, men det er ei hake ved det.

– Vi sleit fordi systemet er rigid. Mellom anna er det ei grense for kor mange mellombels tilsette vi kan ha.

Anleggsleder Brede Sæther foran bygget som skal huse Kirkenes barnehage.

RIGID: Anleggsleiar Brede Sæther i Tecto seier det er altfor mykje byråkrati når selskapet hans skal tilby jobb til flyktningar.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Sæther seier det er altfor mykje byråkrati når selskapet hans skal tilby jobb til flyktningar, og han får støtte frå direktøren i NHO Arktis, Sigrid Ina Simonsen.

Ho meiner regjeringa si innstramming i reglane for mellombels tilsettingar og innleige av arbeidskraft har gjort det vanskelegare å tilsette flyktningar.

– Vi ser at det er eit kjempestort behov for å få fleire hender i arbeid og riktig kompetanse inn i arbeidsmarknaden.

Sigrid Ina Simonsen

SKJERPING: Direktør Sigrid Ina Simonsen i NHO Arktis meiner det er vanskelegare å tilsette flyktningar etter at regjeringa stramma inn reglane for mellombels tilsettingar og innleige av arbeidskraft.

Foto: Norsk olje & gass

Få ukrainarar i jobb

Apalahije tilhøyrer ei lita gruppe av ukrainarane som har komme til Noreg.

Tysdag la ei arbeidsgruppe fram ein rapport som viser at berre 7 prosent av dei ukrainske flyktningane i Noreg var i arbeid i april i år.

Gruppa var oppnemnt av regjeringa og blei leia av direktøren for Nav i Rogaland, Merethe Prytz Haftorsen.

Per april i år var om lag 1860 av dei som har flytta frå Ukraina til Noreg sidan starten av 2022, registrert med arbeid, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Same månad hadde 27.636 ukrainarar i aldersgruppa 18–66 år fått innvilga kollektiv beskyttelse. Det gjev også rett til å få arbeid.

– Det svarar til et sysselsettingsnivå på 7 prosent, heiter det i rapporten.

Dei fleste av desse er sysselsett innan jordbruk, skogbruk, fiske samt overnattings- og serveringsverksemd.

Konstan Desjlevyj er ukrainsk flyktning fra Mariupol.

LIKT: Konstan Desjlevyj frå Mariupol seier byggeplassar er like frå land til land.

Regelverket må tilpassast

Simonsen i NHO Arktis meiner det må bli enklare å få flyktningar i arbeid når det er mogleg for verksemdene, i samarbeid med Nav.

Ho vil at regelverket som blir lagt til grunn må ta utgangspunkt i at vi har ulike arbeidstakarar i landet og dermed gjere det mogleg å gje dei arbeid.

– Sidan flyktningane kom frå Ukraina har vi peikt på at det er viktig med eit godt samarbeid bedriftene og Nav for å få desse personane inn i arbeidslivet, rett og slett fordi det er stort behov for arbeidskraft. Vi må gjere det enklare, ikkje vanskelegare, som nasjon å få dekt kompetansebehovet.

Jurij Brivko er ukrainsk flyktning fra Kharkiv. Bygger barnehage i Kirkenes.

INTERNASJONALT: Ukrainaren Jurij Brivko trivst med å jobbe saman med kollegaer frå fleire land.

Fast jobb er god integrering

LO meiner det er rett og riktig at også flyktningar blir fast tilsett. Leiaren i Fellesforbundet si avdeling for Nord-Hålogaland, Julie Wilhelmsen, viser til lovverket som seier at arbeidstakarar skal ha fast tilsetting.

– Dette har vore ei kampsak for fagrørsla i mange, mange år – for at folk skal ha trygge jobbar, fast tilsetting og føreseielege arbeidsforhold.

Wilhelmsen seier også at fast tilsetting ikkje hindrar integrering av flyktningar.

– Dei blir meir integrert i lokalsamfunna om dei har ein trygg og fast jobb å gå til, i staden for å vere usikker på kva som skjer etter ein månad eller to.

Julie Wilhelmsen

EIT GODE: Leiar Julie Wilhelmsen i Fellesforbundet i Nord-Hålogaland meiner faste jobbar er god integrering.

Foto: Privat bilde

Fornøgd med Apalahije og kollegaene

I førre veke besøkte arbeids- og integreringsminister Marte Mjøs Persen Aust-Finnmark for å finne ut korleis ulike former for integreringsarbeid blir gjennomført.

Ho møtte også Dmitrij Apalahije og var fornøgd med at han og to landsmenn er med og bygger ny barnehage i Kirkenes.

Ho hadde også lese eit intervju med Apalahije i lokalavisa Sør-Varanger Avis kor han bad om å få betale skatt.

– Eg blei så imponert over det du sa om at du ønsker å betale skatt medan du jobbar her i Noreg.

Dmitrij Apalahije er ukranisk flyktning fra Vinnitsia. Bygger barnehage i Kirkenes.

OMVENDT SKATTEFLYKTNING: Dmitrij Apalahije frå Vinnitsia i Ukraina liker å jobbe. Han vil betale skatt.

Apalahije ønsker å yte noko tilbake.

– Takk Noreg for at de har tatt i mot oss. Her er det bra, og lønningane er gode, seier han.

NRK har gjort fleire forsøk på å intervjue Mjøs Persen etter at Brede Sæther uttalte at byråkratiske reglar er til hinder for å tilsette flyktningar. Arbeids- og inkluderingsministeren har ikkje stilt til intervju. I staden har vi fått svar på e-post.

- Poenget med endringane i innleiereglane er nettopp at det skal vere ein hovudregel å tilsette fast og direkte i eit topartsforhold mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, skriv Mjøs Persen mellom anna.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark