Her vil dei ikkje ta imot flyktningar

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, har bedt kommunane svare på kva moglegheit dei har til å ta i mot flyktningar. Mange finnmarkskommunar melder allereie no at dei kjem til å seie nei.

Vardø
Foto: NRK

Ordførar Lasse Haughom seier at Vardø ikkje vil ta i mot nokon flyktningar.

– Vi har ikkje bustadar ein gong, på noverande tidspunkt, til å busetje flyktningar, seier Haughom.

Ordføraren forklarar at Vardø har mangel på arbeidsplassar. Han meiner mange flyktningar er tungt belasta frå opplevingar dei har vore igjennom. Det vil vere mange som treng psykisk helsehjelp.

Lasse Haughom

Ordførar Lasse Haughom seier at Vardø ikkje vil ta i mot nokon flyktningar.

Foto: Simen Follesø Røiseland / NRK

– Vi har knapt ressursar til oss sjølv, avsluttar ordføraren.

– Skuffande

Skribent Lars Ove Haugen i Vadsø meiner det er nødvendig å sjå på saka i eit heilt anna lys enn det ordføraren gjer.

– Det er litt forbausande, og litt skuffande. Det er ingen stader i Noreg kor ein er meir fortruleg med det å vere på flukt enn her i Finnmark, seier Haugen til NRK.

Han meiner det er viktig å ikkje gløyme historia til Finnmark:

– Finnmark har ei historie som er djupt prega av at folk har måtta flykta, og at ein har måtte kaste seg rundt for å ta imot dei som er på flukt.

Etterlyser empati

Haugen er overraska over meiningane til ordføraren, og er skuffa over at det blir eit spørsmål om byråkrati.

– Det er veldig lett å gløyme at det er snakk om folk, når flyktningane er langt unna og berre er tal på eit papir. Og finnmarkingar er jo glad i folk, seier han.

Han etterlyser denne medmenneskelegheita hos politikarane som skal bestemme.

– Kanskje det hadde vore litt lettare å gjere den ekstra innsatsen som krevjast om ein tenkte på måten, i staden for å tenke på kostnadar og bustadsituasjonen og slike ting, avsluttar Haugen.