Hopp til innhold

Fare for mykje lyn i Nord-Troms og Finnmark

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel. Samstundes kan det bli varmerekord.

Varsel fra Meteorologisk institutt

Det sommarlege vêret pregar store deler av den nordlegaste landsdelen med temperaturar på godt over 20 grader mange stader.

Nå varslar Meteorologisk institutt at det blir eit meir ustabilt ver det neste døgnet.

– Det er fare for mykje lyn i deler av Nord-Troms og Finnmark i kveld.

Kan bli rekordvarme

Det tørre og varme vêret har den siste tida skapt fare for brann i terrenget. Nå kan lynnedslag auke denne faren.

– I delar av området er det gras- og lyngbrannfare, så ver obs på at lynnedslag kan føre til brann i vegetasjonen.

Les også Brann på 90.000 kvadratmeter: Tre bygninger brant ned

Brann. Balsfjord.

Meteorologane melder på X at dei også ventar at temperaturen stig.

Dei melder om temperaturar opp mot 30 grader i indre strøk av Troms.

– Mairekorden i Troms er 29,1 grader, blir den slått i dag? Vi følger med, skriv dei.

I går sette Bodø ny mairekord med 27,5 grader.