Hopp til innhold

Mista to innbyggjarar til sjølvmord – etterlyser psykisk helsetilbod

Befolkninga på Svalbard gjekk torsdag kveld i fakkeltog for å minnast dei to som ikkje er blant dei lengre.

Longyearbyen fakkeltog

Mange møtte opp for å delta i fakkeltoget.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

Dei siste tre månadene har to personar busette på Svalbard teke sitt eige liv.

Torsdag kveld samla fleire av innbyggjarane i Longyearbyen seg for å minnast dei to dei har mista.

No etterlyser befolkninga eit psykisk helsetilbod, noko som i dag ikkje er tilgjengeleg på øya.

– Det er jo veldig viktig for at ein har nokon å snakke med. Alle treng nokon å snakke med ein gong iblant. Same kva, seier 16 år gamle Embla Abild, elev ved Longyearbyen vidaregåande skule og medlem av ungdomsrådet.

Ikkje lovpålagt

Lokalstyreleiar i Longyearbyen Lokalstyre, Arild Olsen, fortel at det er ei vanskeleg sak.

For på Svalbard gjeld ikkje velferdslovgiving. Byen skal vere eit «levedyktig familiesamfunn», men ikkje eit livsløpssamfunn.

Longyearbyen fakkeltog

Lokalstyreleiar i Longyearbyen Lokalstyre, Arild Olsen.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

– Vi kan ikkje ved lov kan innføre denne typen tenester. Det gjer at det heller ikkje er ein finansiell modell til det, seier Olsen.

I tillegg er det gitt påpakning frå nasjonale styresmakter om at tilbodet i byen ikkje skal utvidast.

– Men vi har jo likevel utvida tenester i forhold til det lovpålagde. Eit tilbod i vidaregåande skule er eit godt døme som ikkje er lovpålagt, men vi gjer det fordi det er viktig, seier Olsen.

Les også Fryktar å måtte flytte frå Svalbard sidan sonen har Downs syndrom

Bruker det dei har

Som del av lokalstyret sitt krisepsykologiske teamet og sysselmeisteren sitt kriseberedskap, er sokneprest Siv Limstrand der om ein hamnar i krise.

– Er det fastbuande så er det jo sånn at vi følgjer dei over litt lengre tid, seier Limstrand

Ho fortel at det er ein tradisjon på Svalbard i med at befolkninga stiller opp med dei ressursane som er tilgjengeleg.

Siv Limstrand

Sokneprest på Svalbard, Siv Limstrand.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Og då er eg som prest her, diakoniarbeidaren vår er her, og vi har folk på sjukehuset som tek imot folk til akutte samtalar, eventuelt for tilvising til vidare behandling, seier soknepresten.

Embla Abild i ungdomsrådet meiner likevel at det er viktig å få på plass eit tilbod retta mot psykisk helse.

Ho viser til at ikkje alle trur på Gud, og at det ikkje er nokon som kan følgje opp personar over lengre periodar.

Les også Svenske Olivia mistet stemmeretten over natta. Nå legger MDG ned på Svalbard

Vanskeleg med mørketid

– Vi treng den faste personen som er her over lengre tid. Vi treng ein tillitsperson, det er det veldig sterkt behov for her oppe, seier Abild.

Longyearbyen fakkeltog

Embla Abild, elev ved Longyearbyen vidaregåande skule og medlem av ungdomsrådet.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

Ho fortel at det byr på utfordringar med å bu på Svalbard, og at mørketida kan vere vanskeleg for mange.

– Du legg merke til at du ikkje ser noko sollys, og det går inn på ein, seier Ablid.

I tillegg understrekar ho at det kan vere lettare å kjenne seg einsam og åleine på øya, fordi det er langt til annan sivilisasjon.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark