Hopp til innhold

Aukande snøskredfare i Vest-Finnmark og Troms

Onsdag aukar snøskredfaren til nivå 3. Det melder varslingstenesta varsom.no.

Eit lågtrykk er venta å treffe Troms og Vest-Finnmark natt til onsdag, og dermed legg det seg opp ferske nysnøflak.

– Nysnø og litt vind kan danne ferske mjuke flak som det kan vere lett å løyse ut skred i. Kystområda er mest utsett, melder varslingstenesta for Vest-Finnmark.

Ved Kvalsund vert det observert små, harde flak over svakt lag av kantkorn. Men storleiken på desse flaka er avgrensa.

I Troms har det allereie komme litt nysnø dei siste dagane, og snøfokk lagar nye flak.

– Det har vore mest vind og snø ved kysten og på øyane og skredfaren vil vere høgast her.

Observasjonar frå Senja tyder på at det finst eit svakt lag av nedføyket rim, melder varsom.no. I dei områda kan det vere lett å løyse ut skred, og skred kan løysast ut på avstand.

– Sola kan varme den ferske snøen og nokon stadar kan skred då losne naturleg.

Rv. 94 Leirvik er stengt. Eneste vegen inn til Hammerfest.
Foto: Sunniva Hadland Bøthun