Det var iFinnmark som først omtala saka.
I ein G-16-kamp mellom Tverrelvdalen og Laksvatn skal ein av spelarane på Laksvatn ha blitt omtala med eit rasistisk uttrykk av ein spelar frå Tverrelvdalen. iFinnmark skriv at spelaren gjekk av banen tydeleg prega.
Dommarane har ikkje overhøyrt eller sett episoden, og Tverrelvdal-spelaren nektar for å ha brukt eit slikt ord mot motspelaren.
Leiinga i Altaturneringa har no sendt ut pressemeldng, og seier at dei ser svært alvorleg på slike hendingar og at dei no vil kalle lagleiarane inn til ein samtale kor dei vil gjennomgå episoden.
– Vi vil forfølgje saka om det er grunnlag for dette, seier styreleiar i Alta IF Fotball, Bente Haug, og Anders Abrahamsen, leiar for sportsleg utval, i pressemeldinga.