Hopp til innhold

– Campinghytter er ei billig løysing på eit akutt problem

Dei 28 brukarane som må flytte frå det kommunale avlastningshjemmet for utviklingshemma i Nansenveien i Tromsø, får nye butilbod på ein campingplass. Uverdig, meiner pårørande.

Et kommunalt avlastningshjem for utviklingshemmede i Tromsø er øyeblikkelig stengt, etter at det er oppdaget omfattende vann- og råteskader i bygget.

13 år gamle Maria er ein av dei som skal ha campinghytte som avlastningsbustad. Foto/red.: Johan Skålvoll.

13 år gamle Maria er ein av brukarane som no må flytte til ei hytte på campingplassen i Tromsdalen.

Det synst ikkje mamma Oddny Johnsen er greitt.

– Eg synst det er litt spesielt at dei ikkje har ein beredskapsplan, slik at dei kan tilby noko anna enn ei campinghytte, om det skulle skje noko akutt.

Tysdag denne veka skjedde det noko akutt: Det blei oppdaga vann- og råteskada 33 år gamle institusjonsbygget, og alle brukarane må dermed flyttast til andre mellombels løysingar.

– Den bygninga har jo vore i dårleg forfatning i mange år, det er ikkje noko nytt. Campinghytter ei billig løysing på eit akutt problem. Var dette det beste dei kunne gjere i ein slik situasjon?, undrar mamma Oddny.

Ikkje tilpassa behov

– Da eg først høyrde det, så tenkte eg at det kunne jo bli litt koseleg, for campinghytta ser jo triveleg ut på bilda. Det er ei fin seng, og internett-tilgang, og sånt er Maria opptatt av, seier ho.

Kva er problemet med at desse campinghyttene blir tatt i bruk som avlastningsbustadar?

– Hytta i seg sjølv er jo ikkje tilpassa på noko vis, byrjar Oddny og legg til:

– Når eg er på tur med Maria, så prøver eg å sjå etter plassar eg kan få stelt ho på eit ordentleg vis. Ei campinghytte er ikkje tilpassa for å tilfredsstille våre behov.

Ho er overraska over at kommunen ikkje har nokre andre løysingar enn campingplassar.

– Eg spurte på møtet kva slags alternativ dei hadde, men dei hadde ingen andre alternativ. Det ville i så fall kanskje ha vore ei campinghytte på Skittenelv, mykje lengre borte.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Campinghytter i Tromsdalen

Her, på campingplassen i Tromsdalen, skal Maria ha avlastningbustad.

Foto: Johan Skålvoll / NRK

Vil ha godt tilbod

– Dette var den beste av mange dårlege løysingar, seier Alf Arntsen, leiar i byggforvaltninga i Tromsø kommune.

Ein ny avlastingsheim er no under planlegging.

– I kommunen sin økonomiplan ligg det inne pengar til ny omsorgsbustad og bufellesskap. No er utfordringa å finne mellombels løysingar inntil nye bygg står klare, seier kommunaldirektør Eva T. Olsen.

Eva T. Olsen

Kommunaldirektør Eva T. Olsen seier dei no planlegger ein ny avlastningsheim i Tromsø.

Foto: Johan Skålvoll / NRK

Sjølv om dei pårørande hadde ønska seg ei heilt anna løysing enn det som no blir tilbode, håpar Arntsen dei vil få eit godt tilbod på beina.

– Kor bra tilbodet blir, er avhengig av kor godt vi klarar å organisere tilbodet rundt brukarane, seier Arntsen.