Hopp til innhold

17 vindmøller i lasten

Verdas nordlegaste vindmøllepark tar form.

Del av vindmølle.
Foto: Bjørn Roald Lillevik

Kjøllefjord vindmøllepark blir verdas nordlegaste i sitt slag, når han kjem opp. 17 vindmøller skal byggjast på Gartefjellet, og i går kom dei første delane til Kjøllefjord.  

 

Lossing av vindmøller i Kjøllefjord.
Foto: Bjørn Roald Lillevik

Mølletårna  er 70 meter høge, og sjølve rotoren har ein diameter på over 82 meter. Når dei 17 vindmøllene kjem på plass i Kjøllefjord i løpet av hausten, har dei kapasitet til å produsere straum for omlag 6000 husstandar.

I morgon skal MS Regine vere ferdig lossa. Då gjenstår to turar til Aalbord i Danmark, der resten av vindmøllene ligg klare til å bli frakta nordover.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark