Frp har toppmøte i Tromsø

Finansminister Siv Jensen og fiskeriminister Per Sandberg kjem begge til Tromsø for å delta på ein strategikonferanse i regi av Frp. Både Jensen og Sandberg sit i sentralstyret i partiet, som snart skal behandle Anni Skogman sin anke på utestenginga frå partiet. Fylkesleiar Geir Are Winther seier til Nordlys at han ikkje trur Skogman-saka bli tema i helga, men at fokus ligg på stortingsvalet neste haust.