Hopp til innhold

Den eldste ungdomsskulen i Tromsø har blitt meir moderne

Bli med på ein titt på nye Sommerlyst ungdomsskole.

Sommerlyst skole i Tromsø åpner. Det er byens største ungdomsskole.

Elevar og lærarar er glade for den nye skulen på Sommerlyst i Tromsø. Video og redigering: Erling Bjørklund.

Tysdag sa elevane ved Sommerlyst ungdomsskole i Tromsø farvel til eit gammalt skulebygg med å tusje på veggane og leggje igjen nokre siste minner. I dag kunne dei ta tinga sine og spasere over det som framleis er ein byggeplass, fram til nye Sommerlyst ungdomsskole.

I 2013 blei det bestemt at det skulle byggast ein ny skule på toppen av øya. Arbeidet med sjølve bygginga starta i 2014. Prislapp: 360 millionar kroner.

No, i 2016, kan elevane endeleg ta dei første stega inn i det nye skulebygget og bli kjent med det som er ein litt annleis skule enn det dei er vant med.

– Så stort!, kjem det frå både lærarar og elevar når dei tar skulen i nærmare augesyn.

Inne på nye Sommerlyst skole i Tromsø, elever sitter i trappa

Elevane har allereie starta å henge i trappa i det store amfiet på skulen.

Foto: Erling Bjørklund / NRK

Det vil nok ta litt tid før alt er heilt kjent, trur rektor Rolf Øistein Barman-Jenssen.

– Her er nok klasseromma litt mindre enn romma dei er vant til, og ein må bruke fellesområda, ulike grupperom, men det er mange fine krokar rundt om på skulen, fortel rektoren.

Av fellesområde er det mellom anna ein svær gymsal, som dei unge spring inn i med stor iver og glede.

Her er også eit stort amfi der heile skulen kan samlast, og som også vil bli eit naturleg treffpunkt i friminutta, trur rektoren.

  • Sjå video frå den nye skulen øvst i saka!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark