SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Han seier at dei deltidstilsette ikkje vil bli pålagt å utføre arbeidet til dei som er i streik.
Men dei streikande transportarbeidarane ved BAMA i Skien vil no kontrollere kva slags arbeid dei uorganiserte deltidstilsette arbeidarane ved bedrifta gjer.
BAMA vil ikkje permittere deltidstilsette på grunn av streiken.
Leiar i Vestfold og Telemark Transportarbeiderforening, Ole Einar Adamsrød, seier at han er nøgd med at dei får tilgang til arbeidslistene til dei deltidstilsette.
Vil kontrollere
Dei streikande arbeidarane organiserer no kontrollen av det som skjer inne på bedrifta, seier Adamsrød.
- Vi kjem til å få ut arbeidslister på kva kvar enkelt gjer inne på bedrifta, og vil ha god kontroll på kva som skjer på innsida av veggane på BAMA, seier Adamsrød.