Vil ha nye julelys på Vealøs

Telenor inviterer lokalt næringsliv til eit spleiselag for å få julelys på Vealøs også denne adventstida. I fjor blei lyspærene øydelagt, og denne typen lyspærer finst ikkje lenger. Primus motor for julelysa i Telenor, Frank Severinsen seier ei permanent løysing vil glede folk i Grenland.

Julelys på Vealøs
Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK