Høgre vil slanke bystyret

Høgre i Skien vil redusere talet på bystyrerepresentantar i Skien for å spare utgifter.

Jan Terje Olsen

Jan Terje Olsen i Skien Høgre trur det vil bli færre politikarar i Skien bystyre i neste valperiode.

Foto: Ragnar Lurås / NRK
Ragnar Luraas
Journalist

Bystyret i Skien har i dag 55 representantar, og gruppeleiar for Høgre Jan Terje Olsen ser for seg at talet på representantar kan bli redusert med ti framfor neste bystyreperiode.

Jan Terje Olsen trur folk i Skien vil sjå positivt på at politikarane drøftar talet på politikarar i bystyret for å redusere utgiftene.

– Det har vore ein periode nå med massive kutt i tilbodet til innbyggarane på grunn av dårleg økonomi. Og får å bøte på det, så får alle bidra litt.

Les også:

Vil kutte med ti

Skien kommune må kutte i utgiftene dei neste åra. Og etter forslag frå gruppeleiar i Høgre, Jan Terje Olsen, har bystyret sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere talet på bystyrerepresentantar i neste valperiode.

Høgre i Skien går inn for å redusere talet på politikarar. Olsen seier at nokon i partiet har sagt frå om at dei ønskjer å redusere talet på politikarar til 35.

– Eg trur Høgre kjem til å lande på 45, altså ein reduksjon frå 55 som det er i dag, seier Olsen.

Les også:

Ueinig med Høgre

Trond Ballestad

Trond Ballestad i Skien Senterparti.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Trond Ballestad er Senterpartiet sin eine representant i Skien bystyre.

Senterpartiet synest det er heilt greitt at bystyret tar ein debatt om talet på bystyrerepresentantar.

Men Ballestad er ueinig med Høgre.

– Vi meiner at talet på representer er stort nok til å fylle dei utvala som bystyret skal velje etter kommunevalet, seier Ballestad.

Ballestad har vore med på fleire drøftingar om talet på bystyrerepresentantar i Skien.

I 1999 blei talet på representantar redusert frå 65 til 49. Og fire år etter blei bystyret utvida til 55.

Les også:

Vil redusere på andre måtar

Senterpartiet meiner det finst andre måtar å redusere utgiftene på.

– Ja, viss det er pengar det står på, så kan det gjerast på mange andre måtar, seier Ballestad.

Han viser blant anna til godtgjersla som politikarane i Skien får for å delta på politiske møte.

– Viss målet er å redusere kostnader, kan det gjerast på andre måtar enn å kutte i talet på representantar i bystyret, seier Ballestad.

Kamp om plassane

Senterpartiet legg vekt på at bystyret skal vere breitt samansett.

– Eg synest det er viktig at bystyret er breitt politisk samansett med representantar frå dei ulike partia, seier Ballestad.

Han meiner det fører til at ein får fram dei viktigaste synspunkta i sakene som skal behandlast i bystyret.

Jan Terje Olsen i Høgre innrømmer at det blir meir kamp om plassane om bystyret blir redusert, men trur ikkje forskjellen blir så stor.

– For det er faktisk slik at det er internt i partia at mykje av demokratiet går sin gang med diskusjonar, og det blir det ikkje nokon endring på, seier Olsen.

Mangfaldet blir mindre

Hedda Foss Five

Hedda Foss Five er leiar i arbeidsgruppa.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Partiet Rødt er eit av partia som står i fare misse sin representasjon om det blir færre i bystyret.

Nils Sverre Aasbø er Rødt sin representant i denne perioden, og han er motstandar av å redusere talet på bystyrerepresentantar.

– Eg synest det er dumt, seier Aasbø.

Han meiner Skien kommune har lagt seg på eit alt for høgt nivå når det gjeld å gje honorar for deltaking i politiske møte, sjølv om han ikkje er motstandar av frikjøp for å delta i politisk arbeid.

Han trur heller ikkje på argumentet om at bystyremøta blir kortare med færre representantar til stades i salen.

– Mangfaldet vil bli mindre med færre representantar, seier Aasbø.

Bystyret i desember

Ordførar Hedda Foss Five er leiar for arbeidsgruppa som består av Jan Terje Olsen frå Høgre, Jørn Inge Næss frå Frp, Åse Gro Bakke frå SV og Geir Arild Tønnesen frå Venstre.

Arbeidsgruppa skal også gjennomføre ei evaluering av arbeidsforma og ansvarsområda i dei folkevalde organa.

– Eg kjem til å kalle inn arbeidsgruppa til det første møte i næraste framtid, seier Foss Five.

Arbeidsgruppa har frist til 15. november med å kome med eit forslag som skal sendast ut på høyring i dei politiske partia fram til 30. november.

Saka skal behandlast i bystyret den 11. desember, og vedtaket som blir gjort vil gjelde for valperioden 2015–2019.