Hopp til innhold

Startar prosessen mot ein Grenlandskommune

Grenlandsrådet har samrøystes vedteke å starte prosessen med å lage ein stor kommune for Grenland der det i dag er seks kommunar.

Hedda Foss Five

Skiens ordførar, Hedda Foss Five, har åpna prosessen med å finne argument for og imot ein stor grenlandskommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Formannskapsmedlemmene i dei seks kommunane Skien, Porsgrunn, Bamble, Siljan, Kragerø og Drangedal var i dag samla i Grenlandsrådet.

Leiar i Grenlandsrådet og ordførar i Skien, Hedda Foss Five (Ap), seier at det betyr at Grenlandsrådet følgjer opp det regjeringa har bede alle kommunar i Noreg om å gjere.

– Det er å sette i gang prosessen med å utarbeide dokumentasjon for å sjå om det er klokt å slå saman nokon av kommunane våre, seier Foss Five.

Hedda Foss Five

Hedda Foss Five trur ikkje dagens kommunegrenser bør stå i alt for mange år.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Den dokumentasjonen skal skje i regi av Grenlandssamarbeidet.

– Vi gjorde akkurat det same vedtaket i dag, og kjem til å sette i gang prosessen med å finne argument for og imot. Det vil vi halde på med i om lag eitt år, seier Five.

Må gje betre vilkår

Etter det må kommunane gå gjennom materialet og finne ut kva som skal skje vidare.

Blir det nå ein storkommune i Grenland?

– Det tør eg ikkje seie noko om på forskot. Men eg opplevde seks kommunar som er opne og søkande for å finne ut om det er mogleg å gje innbyggarane og næringslivet enno betre vilkår ved å gjere noko med dagens kommunegrenser, seier Five.

Håpar på endringar

Ordføraren i Skien seier det er masse arbeid som står att før det kan bli avgjort om det blir ein storkommune i Grenland.

– Det er mange som skal bli involvert i denne prosessen. Og det blir viktig å lytte til kva innbyggarane tenker, dei tilsette i kommunane og andre. Så det er ganske langt fram til vi har eit saksgrunnlag med ein konklusjon, seier Five.

Ho håpar resultatet vil bli nokon endringar.

– Eg trur ikkje dagens kommunegrenser bør stå i alt for mange år framover, seier Five.