Tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) sette i si tid som mål å få 100.000 passasjerar i året på Bratsbergbanen. Banen kom aldri nær målet.
Den gamle driftsavtalen gjekk ut i desember, og i år var det Venstre og Kristeleg Folkeparti som i tolvte time pressa gjennom driftsavtalen som framleis held liv i Bratsbergbanen.
No er fylkesordføraren lei det årvisse nedleggingsordskiftet.
– Deler av banen bør flyttast inn til sentrum, der folk er. Det kan gjere Bratsbergbanen til den viktigaste transportåra mellom Grenland og Notodden, og for folk som reiser frå Grenland om Notodden til Kongsberg, seier fylkesordføraren.
Les også:
– Ja takk!
Ordførar Hedda Foss Five (Ap) i Skien støttar framlegget om ein stoppestad i sentrum.
– Bystyret har lagt til rette for å bygge ein stasjon i den nye bygarasjen. Ei slik løysing ville gje eit løft både for Grenland og for Telemark, seier Hedda Foss Five.
Det er ikkje rekna på kva det vil koste og flytte banen. Det er og uklart kven som eventuelt skal betale arbeida.