Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- AT Skog om Viken reporter Anne Lognvik
- Industri: Norske Skog Union
- Kommune: Skien
Styreleiar i Agder Telemark Skogeigarforening, Christian Ramberg, meiner at hans kollegaer i Viken Skogeigarforening gjer seg sjølv ei bjørneteneste viss dei stemmer for nedlegging av Union i Skien.
Ramberg meiner Viken skogeigarforening representerer skogeigarane i Vestfold og Buskerud, bør redde Union for også å sikre sin eigen fabrikk på Follum.
Næringsminister Børge Brende. Foto: NRK
Viken har ein eigardel i Norske Skog på åtte prosent, mens AT Skog har fire prosent.
Brende trur på Union
Representantar for dei tilsette ved Union møtte i føremiddag næringsminister Børge Brende.
Dei tilsette gav næringsministeren ei oppdatering på situasjonen ved Union.
Etter møtet sa Brende at han framleis har trua på at det er mogleg å unngå ei nedlegging av Union i Skien.
Kreftene samlast
LO i Grenland, LO i Telemark, Agder og Telemark Skogeierforening og Telemark Bondelag samlar kreftene til ei storstila felles mobilisering den 25. august.
Torsdag var det pressekonferanse ved Fløtermonumentet under mottoet "La Union Leve".
Unikt samarbeid for Union. Frå venstre Steinar Straume, Telemark Bondelag, Terje Aasland, LO Grenland, Irene B. Ingebretsen, LO Telemark, Per Øyvind Lien, Union, Christian Ramberg, AT skog. Foto: NRK