NRK Meny
  • 56 unge nominerte til stipend

    56 ungdommar frå Telemark er nominerte til Drømmestipendet, som deler ut 100 stipend på 15.000 kroner til unge kulturutøvarar. I heile landet er 458 ungdommar nominerte til stipend. I siste halvdel av mars skal juryen vurdere kandidatane.

  • Vil utbetre Tinnosbanen

    Bane Nor vil utbetre Tinnosbanen til normaltrafikk innan 2024, skriv Telen. Bane Nor eig og driftar strekninga, men det er Jernbanedirektoratet som bevilgar pengane.

  • Urolege for skuterkøyring

    Politiet er urolege for fyllekøyring på snøskuter. Erfaringane deira er at alvorlege ulykker på snøskuter og alkohol ofte går hand i hand. I tillegg fryktar politiet at folk ikkje melder ifrå ved ulykker, fordi dei er redd for å bli straffa.

  • Vil ha att OL-pengar

    Notodden kommune bevilga 500.000 til prosjektet «OL til Telemark». Nå ynskjer rådmann Svein Aanestad å få att pengane, skriv Telen. OL-prosjektleiar Geir Berge Nordtveit vil jobbe vidare mot eit OL-vedtak i 2019 og ynskjer ikkje å betale att pengar.