Hopp til innhold

Verdsrekord med eit røyrslep til Malaysia

Røyrprodusent frå Norge har sett verdsrekord med eit rørslep frå Norge til Malaysia. Nå kan rekorden komme i Guinness rekordbok.

Rørslepet har reist fra Stathelle til Malaysia

HALVT ÅR PÅ TUR: Dette slepet har reist 27.704 km fra fabrikken i Stathelle til Malaysia.

Foto: Pipelife Norge

Ein gigantisk røyrleveranse til ei stor kraftutbygging i staten Sarawak på Borneo, blei slept imponerande 27.720 kilometer.

Det er Pipelifes fabrikk på Stathelle som har stått for produksjonen og leveransen av røyrene.

Seglturen ned vestkysten av Afrika, rundt Kapp det gode håp og over det indiske hav til Borneo tok heile 190 dagar.

2500 tonn med røyr blei slep i ein fart på 4 knop, eller om lag 10 km/t. Og heile leveransen kom trygt fram.

Rørslep utenfor Cape Town i Sør-Afrika

Slepet av rørene utenfor Cape Town i Sør-Afrika. Rørene skal leveres til et 400 MW stort kraftverk i Malaysia.

Foto: Pipelife Norge

Guinness rekordbok

Rekordslepet til Malaysia på 27.770 kilometer er ein ny og solid verdsrekord i røyrslep. Pipelife Norge hadde også den førre rekorden.

Den blei sett i 2016 da dei gjorde eit tilsvarande slep til Uruguay, og distansen var rundt halvparten av Malaysia-slepet.

Nå har det kinesiske kraftutbyggarselskapet tatt initiativ til at rekorden kjem inn i Guinness rekordbok.

– Det er utruleg moro om rekorden blir offisiell ved å komme inn i den berømte rekordboka, seier Trygve Johan Blomster, eksportsjef i Pipelife Norge.

Mottakaren av slepet er selskapet SinoHydro, eit datterselskap av China Power Corporation, som er den største kraftutbyggaren i Kina.

Rørene slepes inn i elv for midlertidig lagring

Rørene slepes inn i elv for midlertidig lagring i Bintulu øst i Malaysia.

Foto: Pipelife Norge

Unik norsk leveranse

Plastrøyrene, som nå er på plass ved kraftverket i Malaysia, har ein utvendig diameter på 2,5 meter. Totalt var leveransen på 3.330 meter rør, fordelt på seks rør på 555 meter kvar.

Røyrene frå Stathelle er inntaksleidningane for kjølevatn for kraftanlegget til Sarawak Energy, som byggjast av ein av Kinas største entreprenørar.

– Vi har gjort over 150 internasjonale slep sidan 1995. Vi starta i 1960-åra med slep av røyr i Skandinavia. Etter det blei det England, Sør-Europa og Nord-Afrika. I 1998 kryssa vi Atlanteren til Brasil, sier Blomster.

Bente Skuggedal i forlaget Vigmostad Bjørke, som gjev ut den norske utgåva av Guiness rekordbok, seier det normalt tar mellom 8-12 veker før ein rekord kan bli godkjent.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark