NRK Meny
  • Røyklukt i Sør-Noreg

    Det er røyklukt fleire stader i Sør-Noreg som truleg stammar frå skogbrannen i Portugal og Spania. Stormen Ophelia har dratt med seg lufta nordover.

  • Klage på Klovefoss kraftverk

    Naturvernforbundet i Telemark har klaga på vedtaket om bygging av Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat ser ikkje at det er grunnlag for å endre vedtaket. Klaga er sendt over til Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd.

  • Tagging på Skjelsvik

    Politiet melder at to unge menn vart observerte da dei tagga på eit busskur på Skjelsvik. Ei patrulje frå UP fekk raskt kontroll.

  • Ingen ble godkjent

    Fastlegekontorene i Telemark gjør det dårlig på Forbrukerrådets test av tilgjengelighet, service og imøtekommenhet. Det er ingen av fastlegekontorene i fylket vårt som får de nødvendige 67 poengene man må ha for å bli godkjent.