NRK Meny
Normal

– Yara gir betre avkastning enn oljefondet

Dei tilsette ber politikarane om å ikkje selje Yara til amerikanske interesser. Meiner selskapet gir betre avkastning enn oljefondet.

Geir Sundbø, tillitsvald i Yara Porsgrunn

Hovudtillitsvald i Yara, Geir Sundbø, meiner Yara gir betre avkasting enn oljefondet på norske skattekroner. Han åtvarar mot å selje arvesylvet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Yara har fem fabrikkar på Herøya i Porsgrunn, og nå snakkar selskapet med det gigantiske amerikanske gjødselselskapet CF Industries om ei eventuell samanslåing.

Les også:

Det skaper uro blant dei tilsette i bedrifta. Geir Sundbø er hovudtillitsvald og styremedlem i Yara dei tilsette ikkje veit kva ein eventuell fusjon vil føre til.

– Yara er ein del av arvesylvet i Norge som er tufta på norske naturressursar. Yara er det opphavlege Hydro. Difor kjennest det veldig usikkert å skulle bli fusjonert med eit amerikansk selskap, seier Sundbø.

(Artikkelen held fram under bilete)

Gjødselband på Yara, Herøya i Porsgrunn

Gjødselproduksjon på Yara i Porsgrunn. Det er fem Yara fabrikkar på Herøya.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Statleg eigarskap

Han viser til at Yara er eit aksjeselskap i dag der staten har negativt fleirtal på ei generalforsamling med hovudkontor i Norge.

– Dette er veldig viktig for oss, seier Sundbø.

Dei tilsette er blant anna uroa for om hovudkontoret kan bli flytta ut av Norge etter ein eventuell fusjon med det amerikanske gjødselselskapet.

Dei tillitsvalde har informert den nye leiaren i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre som delte uroa til dei tilsette. Og Geir Sundbø følte at dei fekk støtte for si uro hos den nye Arbeidarpartileiaren.

– Ja. Absolutt.

Geir Sundbø seier ein eventuell fusjon truleg ikkje vil ha noko å seie for arbeidsplassane i Porsgrunn på kort sikt.

– På lang sikt er det umogleg å spå kva som vil skje, seier Sundbø.

Les også:

Tener godt på Yara

Han viser til at Yara og CF Industries ikkje er konkurrentar slik det er i dag.

– CF er i USA og Yara er i resten av verda, så slik sett er dei ikkje konkurrentar på den same marknaden.

Sundbø vil ikkje spå om når det kan kome ei avgjerd i saka.

– Men erfaringane viser at dersom nokon bestemmer seg, så brukar det å gå ganske fort.

Sundbø vil gjerne kom med ei oppmoding til politikarane om å ta vare på arvesylvet i Yara, og behalde eigarinteressene i selskapet.

– Det er ei kjempegod investering. Og ein god plass å bruke norske skattepengar, for Yara gir betre avkastning enn oljefondet, seier Sundbø.

Les også:

  • Laster Twitter-innhold
  • Kvalifisering for Notodden

    Notodden gjorde jobben borte mot Byåsen med 0–1 seier, men dessverre for Notodden vant Nest-Sotra borte mot Hønefoss. Dermed ble det 2. plass og kvalifiseringsspill om opprykk for Notodden. I den kampen møter de Raufoss, som kom på 2. plass i sin avdeling.

  • Odd 2 tapte stort

    Det ble tennissifre i årets siste kamp i 2. divisjon for Odd 2, da de tapte 6–1 mot Fram Larvik. Dermed endte Odd 2 med 26 poeng i årets 2. divisjon, noe som var nok til å holde seg i divisjonen.

  • Dyr fyllekjøring

    En 49 år gammel mann fra Kragerø er dømt til å betale 87 000 kroner i bot etter å ha fyllekjørt. I tillegg til bota er mannen dømt til 15 dagers betinga fengsel, samt at han må klare seg uten førerkort i 14 måneder.