NRK Meny
Normal

Vil gjere det lettare å sortere søppel

Unge oppfinnarar vil gjerne at folk skal kaste avfallet der det høyrer heime, og at det skal bli lettare å sortere avfallet.

Lego League

UNGE OPPFINNARAR: Jørgen Kildal, Ida Bergheim Dalene, Aurora Kvammen Rørvik og Herman Fevang.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Alle dei 16 elevane som er med på laget "The Smart Learners" går på Lunde barneskole i Skien. Dei unge oppfinnarane er med i ein konkurranse som heiter First Lego League.

Jørgen Kildal, Ida Bergheim Dalene, Aurora Kvammen Rørvik og Herman Fevang var på besøk i NRK Telemarksendinga for å fortelje om det dei har laga.

– Vi har laga eit produkt der tinga blir merka med kor det skal i søpla med nokon runde klistremerke som det står plast, restavfall, papp og papir, farleg avfall, metall og glas.

Vil kunne hjelpe mange

Lego League

Her blir merkene vist fram på lesebrettet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Og bakgrunnen for at elevane tenkte at det kan vere lurt å merke avfallet, er at mange opplever det som vanskeleg å vite kor dei skal kaste avfallet.

– Desse merka kan hjelpe ganske mange, trur vi.

– Kva har dette med lego å gjere?

– Vi er ei forskargruppe, ei marknadsføringsgruppe og ei legogruppe. Legogruppa handlar om lego og forskargruppa om forsking.

Forskargruppa vil gjerne at folk skal kaste avfallet der det høyrer heime, og at det skal bli lettare å sortere avfallet.

Forskarkonkurranse

Den 7. november blir det konkurranse i Fritidsparken i Skien med mange deltakarar som har forska på sine idear for å hjelpe miljøet.

Forskargruppa ved Lunde barneskole har også tatt kontakt med Renovasjon i Grenland for å få vite litt meir om sortering av søppel.

– Ser de for de at alle matvarer kan bli merka med dei merkene de har laga?

– Vi håper det. Men det kan ta litt tid. For det må nesten bli innført med ei lov, viss det ikkje skal bli gjort tilfeldig.

Vil ta merkinga vidare

Anne Berit Steinseth

Berit Steinseth frå Renovasjon i Grenland.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Anne Berit Steinseth frå Renovasjon i Grenland syntest det var ein god ide.

– Vi trenger litt kreative løysingar for å gjere det enkelt for folk å sortere. Vi har dagleg telefonar og epost der folk spør om dette.

Nokon gonger er også renovasjonsselskapet i tvil, og Steinseth seier det ville det vere til stor hjelp om leverandørane og produsentane blir pålagt å merke varene korleis varene skal bli handtert.

– Eg synest det er ein kjempegod ide å merke varene på den måten, så kan vi forsøke å ta ideen vidare opp på nasjonalt nivå, seier Steinseth