Hopp til innhold

Underskot kan svekke sjukehuset på sikt

Budsjettunderskotet kan svekke Sjukehuset Telemark sin posisjon som sjølvstendig sjukehus.

Sykehuset Telemark

Sjukehuset Telemark må rette opp økonomien ganske snart for at det ikkje skal gå ut over sjølvstende til sjukehuset, meiner legeforeininga.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sjukehuset Telemark kan tape kampen om å bli verande eit sjølvstendig sjukehus. Så langt i år er budsjettunderskotet på 55 millionar kroner.

Det er med på å svekke sjukehuset sin posisjon andsynes Sjukehuset i Vestfold, trur Tor Severinsen som er leiar i legeforeininga ved Sjukehuset Telemark.

– Viss vi ikkje klarar å rette opp økonomien, så kan det, seier Severinsen.

Les også:

Må snu økonomien snart

Tor Severinsen

Tor Severinsen i legeforeininga.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er ikkje første gang legane i Telemark er uroa over at dei kan bli slått saman med sjukehuset i Vestfold. I eit strategidokument frå 2008 står det at Telemark og Vestfold er eit sjukehusområde.

Ei arbeidsgruppe såg blant anna på om akuttberedskapen kunne bli slått saman. For å unngå ein ny diskusjon om ei samanslåing, må Sjukehuset Telemark klare å snu økonomien, meiner Severinsen.

– Dette må vi snu ganske snart. Så eg håpar at vi ikkje kjem i ein slik situasjon at det blir aktuelt, seier Severinsen.

Lærte sjukehusdrift i Telemark

For Telemark er det langt fram til det positive resultatet sjukehuset i Vestfold kan vise til. Her går sjukehuset mot eit overskot på nærare 100 millionar kroner.

Administrerande direktør Stein Kinserdal meiner suksessfaktoren er å gje alle ansvar.

Sykehusdirektør Stein Kinserdal

Sjukehusdirektør Stein Kinserdal.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

– Måten eg driv sjukehus på, lærte eg i Telemark då eg var viseadministrerande direktør, seier Kinserdal.

Han har stor tru på at styring, leiing, organisering og ansvar heilt ut er nøkkelen.

– Det har vi hatt suksess med her i Vestfold. Og det hadde vi suksess med i Telemark for ti-femten år sidan, seier Kinserdal.

Må politisk vilje til

– Kva skal til for at sjukehusa i Telemark og Vestfold skal bli slått saman?

– For det første trur eg det må vere ein klar politisk vilje til det. Og då må det vere noko som kjem ut av behandlinga av den nasjonale sjukehusplanen som helseminister Bent Høie jobbar med. Og som kjem neste år, seier Kinserdal.

Men han trur også den nasjonale sjukehusplanen kjem til å vere opptatt av at dei mest veldrivne sjukehusa i Noreg er på akkurat den storleiken som sjukehusa i Telemark og Vestfold.

– Det er ikkje noko hokuspokus. Eg trur det viktigaste er om vi klarer å utvikle dei faglege tilboda godt nok kvar for oss, eller om vi må gå saman for å få det til. Eller at vi samarbeider på tvers av helseføretaka, seier Kinserdal.

Kan investere i nytt utstyr

Han leikar ikkje med tanken om ei mogleg samanslåing av sjukehusa i Telemark og Vestfold, men legg ikkje skjul på at hans sjukehus sin sterke økonomi kan svekke Sjukehuset Telemark sin posisjon.

Sjukehuset i Vestfold hadde budsjettert med eit overskot på 80 millionar kroner, men det blir 20 millionar kroner meir enn det.

– Det som skjer over tid når vi går med overskot fjerde år på rad, er at vi kan investere i utstyrsparken, og kan bruke pengar på rekruttering. Og det vil rykke ved balansen mellom helseføretaka, seier Kinserdal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark