Hopp til innhold

Trur politidirektoratet snur

Argumenta for å få politisenteret til Telemark, kan få politidirektoratet til å gi opp Drammen, trur politikarane etter møte med direktoratet i dag.

Telemarkspolitikere

Hedda Foss Five, ordførar i Skien, Robin Kåss, ordførar i Porsgrunn, Jon Svartdal, ordførar i Seljord, Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome og Sven Tore Løkslid, fylkesordførar.

Foto: Tom Andersen / NRK

Politidirektoratet har i dag vore i Skien, for å sjå på fasilitetane, før dei bestemmer seg for kor hovudsetet til det nye politidistriktet, beståande av Vestfold, Telemark og Buskerud skal vere.

Fylkesordførar og Grenlandsordførarar, ordførarane i Nome og Seljord stilte, saman med brannmeistrane i Skien og Porsgrunn og politiet.

Politidirektoratets folk fekk høyre solide argument for Skien.

– Det er for lang veg til Drammen, og Telemark kan bli tappa for dyktige fagfolk i politiet, er blant argumenta.

Nicolay Underthun og Guttorm Liebe

Brannmeisterane i Porsgrunn og Skien, Nicolay Underthun og Guttorm Liebe.

Foto: Tom Andersen

Mistar lokalkunnskapen frå Drammen

Jon Svartdal, ordførar i Seljord

Jon Svartdal, ordførar i Seljord.

Foto: Tom Andersen / NRK

Ordførar Jon Svartdal frå Seljord la vekt på lokalkunnskapen

– Viss politiet berre skal rekruttere frå Drammen, som er nesten det same som Oslo-regionen, så får du folk ikkje er kjent i Telemark. Men vi som bur her er veldig godt kjent i Austlandsområdet, for der er vi ofte, seier Svartdal.

Han er redd Telemark kan bli ein kvit flekk på kartet. For Seljord kommune handlar det ikkje om arbeidsplassar, men at folk er lokalkjente på den nye operasjonssentralen.

– Vi er redde det kan gå ut over responstida, fordi politiet må leite fram til stader utan gatenummer, og der namna kan likne på ein annan, seier Svartdal.

Telemark kan vere betre eigna

Hans Bakke, politidirektoratet

Hans Bakke i Politidirektoratet.

Foto: Tom Andersen / NRK

Prosjektleiar Hans Bakke i Politidirektoratet kunne ikkje svare på det endeleg utfallet etter møtet i dag.

– Det er enkeltfaktorer der Telemark kan framstå som meir eigna enn det vi har forstått. Men det er ei totalvurdering som avgjer kor politimeisteren vil sitte, seier Bakke.

Han meiner dei er godt kjent med politihuset i Skien, men besøket kan få betre fram korleis politiet skal få plass til fleire folk i bygget.

– Nå har vi fått utfyllande informasjon, seier Bakke.

Kan bli lange avstandar

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid seier det var eit samla Telemark som møtte Politidirektoratet.

– Det var tydelege og gode argument for å legge hovudsete til Telemark. Og det er viktig å ha eit slikt hovudsete mellom Oslo og Kristiansand, for det blir lange avtandar om det ikkje kjem til Telemark, seier Løkslid.

Han meiner det blir viktig å følgje opp i prosessen vidare.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark