NRK Meny
Normal

Tour of Norway til Telemark i mai

I mai neste skal sykkelrittet Tour of Norway ta turen innom Telemark i tre dagar.

Irene Siljan Vestby og Håkon Nordby i Visit Telemark

Dagleg leiar Irene Siljan vestby og marknadssjef Håkon Nordby i Visit Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Irene Siljan Vestby i Visit Telemark seier at sykkelrittet blir sendt på fjernsyn med stor publikumsappell og høg kvalitet.

– Her kjem eliten for å sykle, så dette blir Tour de France i Noreg, seier Siljan Vestby.

Irene Siljan Vestby i Visit Telemark

Irene Siljan Vestby, dagleg leiar i Visit Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mykje av sykkelrittet er lagt til Telemark i 2015. Først kjem sykkelryttarane frå Drammen til Langesund med målgang i Langesund.

Neste etappe går frå Skien og til Rjukan, gjennom den praktfulle telemarksnaturen. Og så går sykkelrittet vidare over til Buskerud igjen.

– Det blir kjempespennande for oss som arbeider med å få fram aktivitetar i Telemark. Og vi har mange stader der folk kan sykle, seier Siljan Vestby.

Flott tid for å sykle

Visit Telemark skal saman med Visit Grenland, Visit Rjukan og Telemark fylkeskommune samarbeid inn mot arrangørane i Tour of Norway.

– Vi skal prøve å få fram Telemark på ein best mogleg måte. For det blir jo reportasjar rundt Tour of Norway og det blir eit godt høve til å presentere Telemark, seier Siljan Vestby.

Torsdag 21. mai kjem sykkelryttarane frå Drammen til Langesund. Og fredag 22. mai går sykkelrittet vidare frå Skien til Rjukan. Laurdag 23. mai går rittet frå Rjukan til Geilo.

– Dette er ei flott tid på året for sykling i Telemark, seier Siljan Vestby.