Sviktende inntekter i landbruket fører til torghandel.
Naturvernforbundet i Telemark har dreve med informasjonsarbeid om økologisk mat og landbruk. Dei starta arbeidet med å skape ein fast utsalsstad for økologiske produkt i 2002.
No har dei gått saman med Telemark Bondelag om å skape Bondens Marknad. Telemark er eitt av seks pilotprosjekt her i landet som blir gjennomført i sesongen 2003 med oppstart 9. august på Handelstorget i Skien.
- Vi meiner dette er ein fin måte å kombinere lokalt engasjement med miljøvenleg mat. Frakta blir kortare noko som betyr mindre luftforureining, seier Kirsti Arvesen i Naturvernforbundet i Telemark.
Seks laurdagar i august
Bondens Marknad er eit opplegg for torghandel med landbruksprodukt som kjem frå USA. Dei siste åra dette spreidd seg til fleire land i Europa, blant anna England og Sverige.
- Vi håpar at det kan bli så mange som 15 til 20 salsboder med økologiske produkt og andre lokalt produserte varer på Handelstorget, seier Amund Johnsrud i Telemark Bondelag.
Det blir torghandel i Skien.
I utgangspunktet blir det seks laurdagar i august, men dersom produsentane ønskjer det kan det bli fleire. I tillegg blir det ein torsdag på Handelsstevnet og det er også snakk om å flytte opplegget til Seljord under Dyrskun.
- Hovudregelen er at bonden sjølv skal stå for salet, men det er også mogleg med eit nabosamarbeid. Poenget er at seljaren skal kjenne vara og korleis dei er produsert, seier Johnsrud.
Målet er at lokale produsentar skal ha ein marknadskanal for lokalt produserte varer, og at utsalsprisen i hovudsak skal hamne hos produsenten.
Har hausta og laga produkta sjølve
Dei som deltek på Bondens Marknad skal sjølve ha hausta, avla, fanga, sylta, bakt, røykt eller på annan måte ha foredla varene. Det vil seie at det også er plass for uforedla gardsprodukt som til dømes grønsaker, og forelda produkt som pølse, ost og syltetøy.
Bak pilotprosjektet Bondens Marknad i Skien står Telemark Bondelag, Naturvernforbundet i Telemark, Telemark Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Gardsmat, Region Buskerud, Vestfold og Telemark.
Det er også etablert kontakt med Statens Nærings- distriktsutviklingsfond som har eit eige prosjekt på verdiskaping mat, og med Fylkesmannens Landbruksavdeling.