Solfrid Leirgul Øverbø og Ragnar Lurås
Den lovande skihopparen blei teken av ein kastevind i 90-metersbakken, Tveitanbakken, på Notodden. Småkasin blei skada i hovudet og ansiktet.
Stine Småkasin fotografert under innetrening ved eit tidlegare høve. Foto: NRK
Leiar i Telemark Skikrins, Berit Dalvik fryktar at ulykka kan gå ut over det lille hoppmiljøet i Telemark.
- Eg blei veldig trist. Hoppmiljøet i Telemark er lite, og eg håper at ulykka ikkje vil påvirke det lille miljøet med kvinneleg skihopping i Telemark.
Skihopping er ein risikosport
Trenar på kvinnelandslaget, Kjell Ivar Magnussen, synest det er trist med slike ulykker, men trur ikkje at dette vil påvirke kvinneleg skihopping i framtida.
- Skihopping er ein risikosport, men det er klart vi må lære av det. Eg trur ikkje dette vil ha noko å seie for jentehoppinga, seier Magnussen.
Han karakteriserer 17 år gamle Stine Småkasin som eit ungt og lovande talent som har utvikla seg som skihoppar. Magnussen trur Småkasin kan bli veldig god.