Hopp til innhold

Tigging provoserer ikkje lenger

Folk blir ikkje sinna over å treffe denne rumenske tiggaren utanfor Vinmonopolet i Porsgrunn. Politiet har så langt i sommar ikkje fått ei einaste klage på tiggarane.

Ingen har klaga til politiet i sommar når det gjeld tiggarar

'Papi' kallar han seg stolt, og fortel om babyen og familien heime i Romania. I Porsgrunn er han ein fast del av bybiletet.

Politiet og folk me treffer i gatene i Porsgrunn er klare i si oppfatning.

Tor Egil Syversen

Politistasjonssjef Tor Egil Syversen i Grenland har ikkje fått ei einaste klage på tiggarar i sommar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Stasjonssjef for politiet i Grenland, Tor Egil Syversen, seier det verkar som det er færre tiggarar no. Og dei som er her sit på faste plassar og sjenerer ingen.

Les også:

Vil la tiggercampen bestå

Tiggerne registrerer seg ikke

Ikkje ein einaste tiggar har registrert seg etter at Porsgrunn endra politivedtektene, og innførte registreringsplikt, seier Syversen.

Kva gjer de med det?

– Så lenge folk ikkje blir sjenerte av tiggarane, gjer me ikkje noko med det. I sommar er det ingen som har klaga på at pengeinnsamlarar, eller tiggarar som dei kallast på folkemunne. Dei har ikkje oppført seg klanderverdig, og sit der stille og roleg med koppane sine.

Tiggarcampen lagt ned

Tiggarcamp i Porsgrunn er lagt ned, men ikkje rydda

Tiggarcamp i Porsgrunn er lagt ned, men ikkje rydda

Foto: Anne Lognvik / NRK

Grenlandskommunane har hatt eit prøveprosjekt med ein tiggarcamp ute på Lanner utanfor Porsgrunn eit snautt år. Den campen blir no lagt ned

– Eg tvilar på om det vil få så store ringverknader, seier Syversen i Politiet. Dette er farande folk, dei fleste søv i bilane sine.

Mange har vore redde for at Grenlandsområdet skulle få ein straum av romfolk som kjem for å tigge eller selje magasin. Det har ikkje slått til.

– Eg synest det er færre tiggarar enn på lenge, seier Inger Marit Osland som er i byen saman med dottera Turid Fjelltveit.

Inger Marit Osland og Turid Fjelltveit

Inger Marit Osland og dottera Turid Fjelltveit er ikkje sinna på tiggarane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Les også:

– Me har ingen rett til å døme dei

Hans Erik Kåsa gjev ikkje pengar til tiggarar. Han gjev heller til hjarte- og kreftsaka.

– Det er vanskeleg å vite kva ein skal meine, legg han til.

– Men dei som er her, plagar då ingen. Dei sit stille og roleg, er ikkje pågåande.

Større aksept

Hans Erik Kåsa

Hans Erik Kåsa gjev ikkje pengar til tiggarane, men synest det er eit vanskeleg spørsmål.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Politiet har førebels ingen statistikk når det gjeld talet på tiggarar, men Syversen meiner det heller er ein avtakande tendens.

– Det at folk ikkje klagar lenger er vel også eit uttrykk for at dei har blitt eit fast innslag i bybilete, me blir vande til å sjå dei. Folk reagerer ikkje lenger slik dei gjorde då dette var nytt, konkluderer Syversen.

Han og resten av politistasjonen har bruka lite tid på dette i sommar. Det er ein god ting.