Hopp til innhold

Kragerø på andre plass i finalen

Kragerø skole måtte ha ekstraomgangar før dei til slutt blei slått med eitt poeng av Østfold i finalen i Klassequizen på NRK1.

Kragerø skole i finalen Klassequizen 2017

Tord Martin Stenshagen, Tor Harald Aandstad Olsen og Vanessa Günther frå Kragerø skole representerer Telemark i den nasjonale finalen i Klassequizen.

Foto: Henriette Mordt

Laget frå Kragerø skole har tatt seg heile den kronglete vegen fram til finalen.

Les om Klassequizen her: Kragerø stakk av med seieren i Klassequizen

Elevane som har kvalifisert seg til den store finalen er Vanessa Günther, Tord Martin Stenshagen, og Tor Harald Aandstad Olsen.

Før finalen blei sendt på NRK1 laurdag kveld fekk NRK Telemarksendinga intervjua ein av deltakarane frå Kragerø.

– Tor Harald Aandstad Olsen korleis har vegen til finalen vore?

– Det har vore gøy. I starten var vi veldig nervøse, men mot slutten fekk vi meir ro over oss. Vi har øvde mykje saman, og blitt betre kjent.

Ikkje så lett å øve

Aandstad Olsen seier det ikkje er så veldig lett å øve til dette, men det har blitt mange quiz.

– Vi har funne ut at det er lurt å øve på barnelitteratur, for det får du spørsmål om. Og så er det lett å øve på. For det er ikkje så veldig mykje norsk barnelitteratur.

– Trudde de at det skulle gå heile vegen til finalen før de melde dykk på?

– Vi var veldig usikre. Vi trudde at vi som kjem frå Kragerø er smarte, men vi visste jo ikkje korleis vi var i forhold til dei andre.

Selda Ekiz med trofé - Klassequizen 2017

Programleiar Selda Ekiz med trofé i Klassequizen 2017.

Foto: Henriette Mordt

Veldig gøy å vere med

– Finalen er spilt inn. Korleis gjekk det?

– Vi synest det gjekk veldig greitt. Det blei litt kink i ryggen og vondt i beina av å sitte på krakkane. Eg kan ikkje seie noko om plasseringa, men det var veldig gøy.

Nå har de vore på NRK 1 i beste sendetid ein gang før i semifinalen, kva for tilbakemeldingar har de fått?

– Folk har lagt merke til at vi ikkje visste kva ein optikar er for noko. Og viss vi svarar feil på barnelitteratur, så er det ofte barn vi kjenner som fortel at det visste vi. Og sånne ting. Men vi er veldig fornøgd med å ha kome til finalen.

Klassequizen ser du på NRK 1 laurdag 27. mai klokka 1955.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark